For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Concordia (fleirtyding).

Concordia er ei gudinne for semje i romersk mytologi. Det latinske ordet concordia tyder 'semje', 'harmoni' eller 'med hjartet'. Den tilsvarande greske gudinna er Harmonia.

Concordia på baksida av ein mynt slått under Aquilia Severa.

Gudinna blei framstilt med overflodshorn og offerskål (patera), på romerske myntar og i tempel. Hovudtempelet til Concordia ved Forum Romanum blei truleg bygd i 367 f.Kr. Det blei fornya i 121 f.Kr. etter at Gaius Gracchus fall.

Concordia var også namnet på ein kristen martyr under keisar Decius. Ho levde i Roma rundt år 250, og er minna 18. februar, mellom anna som dansk namnedag.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Concordia