Condoleezza Rice (fødd 14. november 1954) er ein USA-amerikansk professor, diplomat og forfattar. Ho var den sekstisjette utanriksministeren i USA, og den andre under president George W. Bush, mellom 2005 og 2009. Rice var den fyrste afroamerikanske kvinna som var utanriksminister i landet, den andre afroamerikanske personen (etter Colin Powell) og den andre kvinna (etter Madeleine Albright). I den fyrste presidentperioden til Bush var Rice den nasjonale tryggleiksrådgjevaren hans. Før ho vart med i regjeringa til George W. Bush, var ho professor i statsvitskap ved Stanford University, der ho var provost frå 1993 til 1999. Rice var rådgjevar i sovjet- og austeuropasaker for president George H.W. Bush under fallet til Sovjetunionen og då Tyskland vart sameint att.

Condoleezza Rice
Condoleezza Rice.jpg
Fødd14. november 1954 (66 år)
Birmingham i Alabama
Statsborgar avUSA
PartiDet republikanske partiet i USA
Yrkepolitikar, skribent, statsvitar, diplomat, sjølvbiograf, pedagog, universitetslærar, pianist, akademikar
InstitusjonarStanford University
Utdanna vedUniversity of Denver
University of Notre Dame
Josef Korbel School of International Studies
MedlemAmerican Academy of Arts and Sciences
Phi Beta Kappa
VervUtanriksminister i USA 2005-2009
FøregangarColin Powell
EtterfylgjarHillary Clinton

I byrjinga av perioden sin som utanriksminister, stod Rice i spissen for ein plan som hadde fokus på demokrati i Midtausten og områda rundt («Transformational Diplomacy»). Fokuset hennar på å støtte demokratisk valde regjeringar møtte motstand fordi Hamas, som støtta muslimske militantar, fekk eit stort fleirtal i det palestinske valet, og fordi store land som Saudi-Arabia og Egypt heldt fram med autoritære system med støtte frå USA. Medan ho var utanriksminister leidde ho også styret i Millennium Challenge Corporation.[1]

I mars 2009 vende Rice tilbake til Stanford University som professor i statsvitskap og «Thomas and Barbara Stephenson Senior Fellow» i offentleg politikk på Hoover Institution.[2][3]

BibliografiEndra

KjelderEndra

ReferansarEndra

  1. «Board of Directors» hjå Millennium Challenge Corporation (arkivert).
  2. «Condoleezza Rice, PhD» hjå FSI Stanford.
  3. «Condoleezza Rice» hjå Hoover Institution.

BakgrunnsstoffEndra