Confederación Nacional del Trabajo

Confederación Nacional del Trabajo (CNT; Den nasjonale arbeidarkonføderasjonen) er ein spansk konføderasjon av anarkosyndikalistiske fagforeiningar. Dei høyrer til International Workers' Association. På [[spansk|kastiljansk] er namnet AIT - Asociación Internacional de los Trabajadores. Derfor ser ein gjerne initialane CNT og AIT saman på flagg og plakatar. (Sjå bilete).

Confederación Nacional del Trabajo


LandSpania
Grunnlagt1910
HovudkvarterBilbao[1]
Medlemstal320 000 (1917)[2]

Historisk sett var CNT òg forbunden med Federación Anarquista Ibérica (CNT-FAI).

CNT har gjennom heile soga si spela ei stor rolle i den spanske arbeidarrørsla.

CNT vart skipa i 1910 i Barcelona i Catalunya. Trass i at organisasjonen i fleire tiår var ulovleg i Spania, under Franco-diktaturet, held CNT i dag fram med å delta i den spanske arbeidarrørsla, og dei fokuserer på prinsippa om arbeidarsjølvstyre, føderalisme og gjensidig hjelp. Føderalisme betyr i denne samanhengen frivillig samarbeid av sjølvstyrte arbeidarkollektiv og kommunar.

Songen til CNT har sidan 1933 vore «A las barricadas», ein spansk versjon av «Warszawjanka».

CNT har vorte portrettert i nyare spansk film gjennom Vicente Aranda sin film Libertarias frå 1996, ein film som fokuserer på ei gruppe kvinnelege militssoldatar frå CNT ved Aragon-fronten under den spanske borgarkrigen.

Kjelder

endre
  1. http://cnt.es/noticias/cnt-renueva-su-secretariado-permanente-bilbao-ser%C3%A1-su-nueva-sede.
  2. «Гражданская война в Испании. 1936–1939 гг.»; ISBN-10: 5-224-04456-1; kortnamn på forfattar: Платошкин Н. Н.; side(r): 33; utgjevingstidspunkt: 2005; publiseringsstad: Moskva.

Bakgrunnsstoff

endre