Consuelo Velázquez

Consuelo Velázquez Torres (29. august 191622. januar 2005)[1], også populært kjend som Consuelito Velázquez,[2] var ein mexicansk konsertpianist og komponist. Ho stod bak kjende mexicanske balladar som «Bésame mucho», «Amar y vivir» og «Cachito».[1]

Consuelo Velázquez

Fødd29. august 1916
FødestadCiudad Guzmán
Død22. januar 2005 (88 år)
DødsstadMexico by
OpphavMexico
Aktiv1938–2005
SjangerMexicansk musikk
Instrumentpiano
Verka somkomponist, låtskrivar, songtekstforfattar, pianist
PrisarNasjonalprisen for vitenskap og kunst

Bakgrunn endre

Velázquez var fødd i Ciudad Guzmán i Mexico[3] som den yngste av dei fem døtrene til soldaten og diktaren Isaac Velázquez frå Valle og kona han María av Jesús Torres Ortíz.[1] Som fireåring viste ho eit talent for musikk, og då ho knapt var seks byrja ho studera musikk og læra piano ved Académia de Música Serratos i Guadalajara. Etter fleire års studiar, som elleveåring, flytta ho til Mexico by. Der fortsette ho studiane sine, og tok ein grad i musikkpedagogikk og konsertpiano ved Conservatorio Nacional de Música.[4] Ho hadde den fyrste offentlege konserten sin i Palacio de Bellas Artes i hovudstaden, og kort tid etter byrja ho komponera populærmusikk.[4] Som konsertpianist spelte ho solo med Det nasjonale symfoniorkesteret og Det filharmoniske orkesteret ved Det nasjonale autonome universitet i Mexico.

Ettersom det kunne reknast som upassande å opptre på radioen for ei ung kvinne frå ein velståande familie, brukte Velázquez eit mannleg artistnamn dei fyrste åra.[1] Mariano Rivera Conde, som var kunstnarisk leiar for stasjonen, pressa henne til å vedgå at ho hadde skrive songane. Velázquez gifta seg med han seks år seinare.[1]

Komponist endre

Det er særleg som komponist at Velázquez er blitt kjend. Dei fyrste verka hennar, «No me pidas nunca», «Pasional» og «Déjame quererte», var frå sjangeren «naturaleza romántica», som legg vekt på venleiken og styrken i naturen.[2] Seinare songar var «Bésame mucho», «Amar y vivir», «Verdad Amarga», «Franqueza», «Chiqui», «Cachito», «Que seas feliz», «Enamorada», «Orgullosa y bonita» og «Yo no fui» (ein song som kunne dansast til, fyrst gjort populær av Pedro Infante og i nyare tid av Pedro Fernández). Velázquez opptredde også som skodespelar i den argentinske filmen Noches de Carnaval,[5] regissert av Julio Saraceni, frå 1938. Som pianist var ho også involvert i mexicanske filmar regissert av Julián Soler - Se le pasó la mano[6]​ frå 1952 og Mis padres se divorcian[7] frå 1959. Ho deltok også i ein dokumentar om livet sitt, Consuelo Velázquez,[8] frå 1992. Gjennom livet komponerte ho musikk for fleire mexicanske filmar.

Bésame mucho endre

Den best kjende suksessen hennar var den kjende songen «Bésame mucho», som var komponert i den cubanske musikksjangeren bolero då ho var berre 16 år gammal. Dette var stykket som gjorde Velázquez mest kjend og gav henne mest glede. Songen skal ha blitt skriven før ho nokon gong hadde kyssa einkvan ho elska.[9] Etter ei innspeling av den spansk-mexicanske baritoneen Emilio Tuero[1] spelte den kjende amerikanske pianisten og songaren Nat «King» Cole inn den fyrste engelske versjonen av songen i 1944. Sidan då er han blitt tolka og spelt inn av hundretals artistar frå heile verda, som Pedro Infante, Javier Solís, The Beatles, Plácido Domingo, Frank Sinatra, Sammy Davis Jr., Luis Mariano (som gjorde songen populær i Frankrike), Dalida, Sonora Santanera, Xavier Cugat and his Orchestra, The Ventures, Antonio Machín, Lucho Gatica, Vera Lynn, Andrea Bocelli, Filippa Giordano, Luis Miguel, Sara Montiel, José Carreras, Ray Conniff and his Orchestra, Diana Krall, Zoé, Susana Zabaleta og Mónica Naranjo.[10] «Bésame mucho» er også kjend under titlar på andre språk som «Kiss Me Kiss Me Much», «Kiss Me a Lot», «Kiss Me Again and Again», «Embrasse-Moi» og «Stale Ma Boskavaj». Han er omsett til over 20 språk, og har fått ikonisk status. Ein del av den store suksessen han hadde i USA var konteksten av kvinner som venta på ektemennene sine under andre verdskrigen.

Privatliv endre

Fleire år etter at karrieren hennar byrja gifta Velázquez seg med mediaeigaren og artistpromotøren Mariano Rivera Conde (d. 1977). Dei fekk to søner, Mariano og Sergio Rivera Velázquez. I tida mellom 1979 og 1982 var ho medlem av det mexicanske underhuset, Cámara de Diputados del Congreso de la Unión. Ho blei tildelt den nasjonale prisen for vitskap og kunst, innan populærkunst og tradisjonar, i 1989.[11]

Consuelo Velázquez døydde 22. januar 2005. Liket hennar blei flytta til Palacio de Bellas Artes, der ho hadde hatt sin fyrste opptreden. Oska hennar blei seinare gravlagd i Santo Tomas Moro kyrkje, der ho gjekk til messe kvar sundag. Som den siste kunstnariske framsyninga si spelte ho piano på Cecilia Toussaint sitt album Para mi... Consuelo, som inneheldt songar av Velázquez.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 Tuckman, Jo (26. januar 2005). «Obituary: Consuelo Velázquez». the Guardian (på engelsk). Henta 1. mai 2018. 
  2. 2,0 2,1 «Consuelo Velázquez». IMDb. Henta February 25, 2021. 
  3. Fox, Margalit (January 30, 2005). «Consuelo Velázquez Dies; Wrote 'Bésame Mucho'». The New York Times (på engelsk). ISSN 0362-4331. Henta May 1, 2018. 
  4. 4,0 4,1 «Consuelo Velázquez». www.peermusic.com. Henta February 25, 2021. 
  5. Saraceni, Julio, Noches de carnaval, henta 25. februar 2022 
  6. Soler, Julián (29. oktober 1952), Se le pasó la mano (Comedy), Apolo Films, henta 25. februar 2022 
  7. Soler, Julián (28. mai 1959), Mis padres se divorcian (Comedy, Drama, Romance), Cinematográfica Filmex S.A., henta 25. februar 2022 
  8. Lara, Maria del Carmen de, Consuelo Velázquez (Documentary, Short), Bancomer, Calacas y Palomas, Fondo Nacional para la Cultura y las Artes (FONCA), henta 25. februar 2022 
  9. «Stories of Standards: "Bésame Mucho"». KUVO (på engelsk). 21. juli 2017. Henta 2. mars 2022. 
  10. «Consuelo Velázquez Biography, Songs, & Albums». AllMusic (på engelsk). Henta 25. februar 2022. 
  11. «Wayback Machine» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 22 July 2011. Henta 2. mars 2022.