Vera Lynn
Vera Margaret Lynn (20. mars 1917–18. juni 2020) var ein britisk songar, låtskrivar og skodespelar. Ho var særskild populær på 1930- og 1940-talet. Under andre verdsrkigen turnerte ho blant militære i Egypt, India og Burma, og fekk kallenamnet «the Forces' Sweetheart».
Vera Lynn | |||
| |||
Fødd | 20. mars 1917 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | East Ham | ||
Død | 18. juni 2020 (103 år)[1] | ||
Dødsstad | Ditchling | ||
Fødenamn | Vera Margaret Welch | ||
Opphav | Storbritannia | ||
Aktiv | 1935–1995 | ||
Sjanger | populærmusikk | ||
Instrument | vokal | ||
Plateselskap | EMI, His Master's Voice, Decca Records, London Records | ||
Verka som | filmskodespelar, songar, songar-låtskrivar, sjølvbiograf, plateartist, skodespelar, songtekstforfattar | ||
Prisar | kommandør av Order of the British Empire, War Medal, Burma Star, Officer of the Order of Saint John, Companion of Honour, kommandør av Oranje-Nassau-ordenen, Classic Brit Awards |
Ho er kjend for framføringa av songar som «We'll Meet Again», «The White Cliffs of Dover», «A Nightingale Sang in Berkeley Square» og «There'll Always Be an England». Ho blei verande populær også etter krigen, med mange opptredenar på radio og fjernsyn i Storbritannia og USA. Ho spelte inn hittar som «Auf Wiederseh'n Sweetheart» og «My Son, My Son». Den siste singelen hennar, «I Love This Land», blei gjeven ut for å markera slutten av Falklandskrigen. I 2009, då ho var 92, blei Lynn den eldste levande artisten til å nå toppen av albumlista i Storbritannia, med We'll Meet Again: The Very Best of Vera Lynn.[2] I 2017, året då ho fylte hundre år, gav ho ut albumet Vera Lynn 100. Det nådde tredjeplassen på albumlista, og gjorde henne til den første hundreåringen til å ha eit album på topplista.
Lynn brukte også mykje tid og energi på veldedig arbeid knytt til tidlegare soldatar, barn med funksjonshemmingar og brystkreft. Ho blei utnemnd til Dame Vera Lynn (DBE) i 1976. I 2000 blei ho kåra til den briten som var det beste dømet på ånda frå 1900-talet i ei britisk meiningsmåling.[3]
Diskografi
endreStudioalbum
endre- 1949 - Sincerely Yours
- 1956 - If I Am Dreaming
- 1958 - The Wonderful World of Nursery Rhymes
- 1959 - Vera Lynn Sings...Songs of the Tuneful Twenties
- 1960 - Sing With Vera
- 1960 - Yours
- 1961 - As Time Goes By
- 1962 - Hits of the Blitz
- 1963 - The Wonderful Vera Lynn
- 1964 - Among My Souvenirs
- 1966 - More Hits of the Blitz
- 1970 - Hits of the 60's-My Way
- 1972 - Unforgettable Songs by Vera Lynn
- 1972 - Favourite Sacred Songs
- 1974 - Vera Lynn Remembers – The World at War
- 1976 - Christmas with Vera Lynn
- 1977 - Vera Lynn in Nashville
- 1979 - Thank You For the Music (I Sing The Songs)
- 1981 - Singing To the World
- 1984 - Vera Lynn Remembers
Samlingsalbum i urval
endre- 1981 - 20 Family Favourites
- 2009 - We'll Meet Again: The Very Best of Vera Lynn
- 2014 - National Treasure – Ultimate Collection
- 2017 - Vera Lynn 100
Filmografi
endre- 1943 - We'll Meet Again
- 1943 - Rhythm Serenade
- 1944 - One Exciting Night
- 1962 - Venus fra Vestø
- 2014 - Meet Again
Priser og utmerkingar
endreKjelder
endre- ↑ «Dame Vera Lynn dies at age 103». BBC News. 18. juni 2020. Henta 18. juni 2020.
- ↑ Simpson, Richard (14. september 2009). «Dame Vera Lynn, the new queen of the album charts at 92». Daily Mail (UK). Henta 9. februar 2016.
- ↑ Manheim, James M. «Vera Lynn biography». Index of Musician Biographies. Henta 10. januar 2011.
- Denne artikkelen bygger på «Vera Lynn» frå Wikipedia på engelsk, og «Vera Lynn» frå Wikipedia på svensk den 15. juni 2018.
Bakgrunnsstoff
endre- Diskografi ved Discogs.com