Continental Circus av Gong

Continental Circus av Gong
Filmmusikkalbum av Gong
Språk engelsk
Utgjeve April 1972
Innspelt April 1971
Studio Château d'Hérouville i Val-d'Oise i Frankrike
Sjanger Progressiv rock[1]
Lengd 34:13
Selskap Philips Records
Gong-kronologi 
Camembert Electrique
(1971)
Continental Circus av Gong Flying Teapot
(1973)


Continental Circus er det originale filmmusikkalbumet til den franske dokumentarfilmen med same namn, regissert av Jérôme Laperrousaz. Det kom ut i april 1972 på Philips Records og er tilskrive «Gong avec Daevid Allen». Albumet vart spelt inn og miksa i løpet av to dagar våren 1971, nokre få månader før albumet deira Camembert Electrique vart laga.[2] Laperrousaz var ein nær ven og støttesppelar av Allen og kjærasten hans Gilli Smyth[3] og filmen, med Jack Findlay og Giacomo Agostini, handlar om motorsykkelløp.[4]

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic.com3/5 stars[1]

Songen «What Do You Want?» er det same stykket som «Fohat Digs Holes in Space» på Camembert Electrique, men versjonen her manglar introen, har ein annan tekst og vert spelt meir langsamt. Soret «Continental Circus World» består berre av dialog og lydeffektar frå filmen, over ei sløyfe frå «Blues for Findlay», den einaste nye songen på albumet.

Den engelske trommeslagaren Pip Pyle spelar på bandet, etter å ha blitt introdusert for Daevid Allen av Robert Wyatt under innspelinga av det første soloalbumet til Allen, Banana Moon, i februar.[5]

Innhald endre

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Blues for Findlay»Daevid Allen, Jérôme Laperrousaz11:18
2.«Continental Circus World»Allen, Laperrousaz4:13
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
3.«What Do You Want?»Allen9:04
4.«Blues for Findlay» (instrumental)Allen9:38
Total lengd:34:13

Av rettslege årsaker oppførte Allen kjærasten Gilli Smyth som medlåtskrivar på alle spora.[6]

Medverkande endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Allmusic.com review
  2. Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p.110-123.
  3. Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p.110.
  4. Continental Circus at IMDb
  5. Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p.103.
  6. Allen, Daevid. Gong Dreaming 2. SAF Publishing, 2009, p.20.