Pip Pyle

britisk komponist

Phillip «Pip» Pyle (4. april 195028. august 2006)[1] var ein engelsk trommeslagar frå Sawbridgeworth i Hertfordshire, som seinare busette eg i Frankrike. Han er mest kjend som medlem i Canterbury scene-banda Gong, Hatfield and the North og National Health.[2]

Pip Pyle
Fødd4. april 1950
FødestadSawbridgeworth
Død28. august 2006
DødsstadParis
OpphavStorbritannia
Instrumenttrommesett
Verka somkomponist, låtskrivar, jazzmusikar, trommeslagar

BiografiEndra

Pyle møtte Phil Miller, ein ven frå barnehagen, og broren hans Steve, og i lag skipa dei Bruno's Blues Band, som raskt utvikla seg til å bli Delivery. Men Pyle slutta i bandet i 1970 etter ein krangel med songaren Carol Grimes. Han spelte ei kort stund i bluesbandet Chicken Shack og gruppa til Steve Hillage, Khan.[3]

I 1971 spurte trommeslagaren Robert Wyatt om Pyle kunne spele i staden for han sjølv på eit spor på soloalbumet til Daevid Allen, Banana Moon. På grunn av dette vrt Pyle med Allen i gruppa Gong. Han spelte berre i bandet i åtte månader, men spelte både på Camembert Électrique og Continental Circus. Pyle vart erstatta av Laurie Allan, men gjekk attende til Gong i 1989.

I 1972 arbeidde Pyle med Paul Jones (som hadde sunge med Manfred Mann) og med den britiske songaren Bridget St John, før han vart med å skipe Hatfield and the North med Miller-brørne i 1972. Steve Miller vart etter kort tid erstatta i bandet og besetninga vart til slutt Pyle, Phil Miller, Richard Sinclair og klaverspelar Dave Stewart. Hatfield and the North kom ut i 1974, og eit andre album, The Rotters' Club, kom ut året etter. I tillegg til å spele trommer, skreiv Pyle mange av tekstane til bandet.

Etter Hatfield, slo Pyle seg saman med Miller og Stewart i National Health og spelte òg i andre prosjekt, som Soft Heap med Hugh Hopper, Elton Dean og Alan Gowen. Han spelte òg på Neil's Heavy Concept Album (1984), ein avleggjar av TV-serien The Young Ones der Stewart òg var involvert.

I 1984 møtte Pyle Sophia Domancich og dei to hadde eit forhold i mange år. Pyle starta sitt eige band, Pip Pyle's Equip'Out, i lag med Domancich. Equip'Out gav ut Equip'Out, Up! og Instants. Han gav ut eitt soloalbum, Seven Year Itch, i 1998. Pyle spelte òg i bandet til Miller, In Cahoots, frå 1982 til 2001.

Dei siste prosjekta hans var gruppa Bash! og ein samankomst med Hatfield and the North. Bash! gav ut konsertalbumet Belle Illusion (Cuneiform Records), men spelte fem konsertar i alt.

Han døydde i Paris 28. august 2006.[1]

SolodiskografiEndra

KronologiEndra

FilmarEndra

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 Philip, Phil Howitt (20. september 2006). «Pip Pyle Obituary». The Guardian. 
  2. Allmusic biography
  3. Biography at Calyx, the Canterbury music website