Cookeitt
Cookeitt er eit glimmerliknande litiumhaldig mineral, nærskyldt med kloritt. Fargen er kvitgul-rosa. Kjemisk formel LiAl4(Si3Al)O10(OH)8. Det er funne i Noreg på ein pegmatittgang ved Holandsfjord i Nordland.
Det er kalla opp etter den amerikanske kjemikaren J. P. Cooke (1827–94).
Kjelder
endre- Cookeitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/cookeitt.