Cool Places
Singel av Sparks og Jane Wiedlin
frå albumet In Outer Space
B-side

Sports

Utgjeve April 1983
Sjanger
Lengd 3:25
Selskap Atlantic
Låtskrivar(ar)
Produsent
  • Ron Mael
  • Russell Mael
Sparks-kronologi 
«I Predict»
(1982)
Cool Places «All You Ever Think About Is Sex»
(1983)
Jane Wiedlin-kronologi
Cool Places «Blue Kiss»
(1985)


«Cool Places» er ein new wave-song av det amerikanske rockebandet Sparks frå 1983 i samarbeid med rytmegitaristen og korvokalisten i The Go-Go's, Jane Wiedlin.[1] Det var den andre singelen deira som gjekk inn på Billboard Hot 100.[2]

Bakgrunn endre

Songen vart gjeven ut som den første singelen frå Sparks-albumet In Outer Space i 1983. På den tida var Sparks på sitt mest populære i USA, etter at dei to førre albuma deira hadde gått inn på nedre del av Billboard 200-lista. Singelen nådde 13. plassen på Hot Dance Club Play-lista i juni 1983.[3]

Det vart laga ein musikkvideo for songen, regissert av filmskaparen og artisten Graeme Whifler.

Sparks spelte òg inn «Lucky Me, Lucky You» med Jane Wiedlin for det same albumet.[4]

Innhald endre

7" Atlantic 0-89863

  1. «Cool Places» — 3:25
  2. «Sports» — 3:23

12" Atlantic 0-89863[5]

  1. «Cool Places» (Long Mix) — 4:38
  2. «Sports» — 3:23

Salslister endre

Liste Plassering
US Billboard Hot 100[2] 49
US Billboard Hot Dance Club Play[2] 13

Kjelder endre