Jane Wiedlin

amerikansk songar og skodespelar

Jane Marie Genevieve Wiedlin (fødd 20. mai 1958) er ein USA-amerikansk musikar, songar, låtskrivar og skodespelar, mest kjend som opphavleg medlem, rytmegitarist og korvokalist i new wave-bandet The Go-Go's. Wiedlin har òg hatt ein suksessrik solokarriere.

Jane Wiedlin

Jane Wiedlin i Philadelphia i 1988
Fødd20. mai 1958 (65 år)
FødestadOconomowoc i Wisconsin i USA
FødenamnJane Marie Genevieve Wiedlin
AliasJane Drano, Reverend Sister Go-Go
OpphavUSA
AktivSidan 1978[1]
Sjanger
Instrument
  • Gitar
  • vokal
Tilknytte artistar
Plateselskap
Verka som
  • Musikar
  • songar
  • låtskrivar
  • skodespelarinne

The Go-Go's vart eit av dei mest populære amerikanske banda i 1980-åra og var med å gjere new wave populært med hittar som «We Got the Beat», «Our Lips Are Sealed» og «Vacation». Som soloartist hadde ho den største hitten sin med songen «Rush Hour», som nådde niandeplassen på Billboard Hot 100. Som skodespelar har ho hatt små roller som syngande telegramjente i filmen Clue (1985) og som Jeanne d'Arc i Bill & Ted's Excellent Adventure (1989).

Som medlem av The Go-Go's fekk Wiedlin ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. Ho og bandet vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame den 30. oktober 2021.

Diskografi endre

Studioalbum endre

År Detaljar Listedetaljar
US
[2]
UK
[3]
Canada
[4]
1985 Jane Wiedlin 127
1988 Fur 105 48 88
1990 Tangled
  • Utgjeve: 1990
  • Selskap: EMI USA
2000 Kissproof World
  • Utgjeve: 31. oktober 2000
  • Selskap: Painful Discs
2017 Elettrodomestico
  • Utgjeve: Oktober 2017
  • Selskap: Sjølvutgjeve

Samlealbum endre

År Albumdetaljar
1993 The Very Best of Jane Wiedlin: From Cool Places to Worlds on Fire
  • Utgjeve: 1993
  • Selskap: Alliance Records, EMI

Singlar endre

År Singel Listeplasseringar Album
US
[5]
US Dance
[6]
NZ
[7]
UK
[3]
Can
1985 «Blue Kiss» 77 30 62 Jane Wiedlin
1988 «Rush Hour» 9 31 12 13 Fur
«Inside a Dream» 57 64
1990 «World on Fire» Tangled
«—» syner til at utgjevinga ikkje gjekk inn på lista

Som deltakar endre

År Singel Artist Listeplasseringar Album
US US Dance
1983 «Cool Places» Sparks 49 13 In Outer Space

Andre utgjevingar endre

Kjelder endre

  1. «Biographies». GoGos.com. Arkivert frå originalen 7. mars 2008. 
  2. «Jane Wiedlin Album & Song Chart History – Billboard 200». Billboard (Prometheus Global Media). Henta 6. desember 2010. 
  3. 3,0 3,1 «The Official Charts Company – Jane Wiedlin». Official Charts Company. Henta 6. desember 2010. 
  4. «RPM Top 100 Albums - 27. august 1988» (PDF). Library and Archives Canada. Henta 21. november 2019. 
  5. «Jane Wiedlin Album & Song Chart History – Hot 100». Billboard (Prometheus Global Media). Henta 6. desember 2010. 
  6. «Jane Wiedlin Album & Song Chart History – Dance/Club Play Songs». Billboard. Prometheus Global Media. Henta 6. desember 2010. 
  7. «Search for: Jane Wiedlin». charts.nz. Hung Medien. Henta 6. desember 2010. 

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Jane Wiedlin