Corbinoeffekt er ein effekt som oppstår når ein elektrisk straum vert ført radielt gjennom ei metallplate som står loddrett på eit magnetfelt. Feltet vil då bøye straumen til sida slik at det oppstår ein sirkulær straumkomponent i plata.

Corbinoeffekten er eit spesialtilfelle av halleffekten. Effekten vart oppdaga i 1911 av italienaren Orso Mario Corbino.

Kjelder endre