Magnetfelt (også magnetisk feltstyrke, magnetisk flukstettleik) er i fysikken eit omgrep for kraftfelta rundt ein magnet, magnetisert gjenstand eller ein straumførande leiar. Det er til dømes eit magnetfelt som gjer at to magnetar vert dregne mot einannan eller støytte frå einannan, og at elektriske partiklar frå sola vert fanga rundt polane på jorda og skapar nordlys. Kraftlinene til ein magnet kan ein sjå ved å strø jarnspon på eit papirark e.l. over ein magnet, som på biletet til høgre.

Magnetiske feltlinjer vist med jarnspon

Magnetfelt vert i klassisk fysikk skildra med Maxwells likningar, og i kvantemekanikken vert dei forklarte av kvanteelektrodynamikken. Magnetfelt er vektorfelt, det vil seia at dei har ein retningsverdi i tillegg til styrken på feltet.

Symbol og einingar

endre
 
B-H magnetisk hysterese i blekk, (BR er remanens og HC er koersivitet).

To ulike einingar og symbol vert brukte om magnetfelt:

  • Magnetfeltet (den magnetiske flukstettleiken) B vert målt i Tesla (T = Wb/m²). Frå definisjonen i Maxwells likningar er feltlinene frå B lukka.
  • H-feltet, den magnetiske feltstyrken, vart tidlegare òg kalla magnetfelt. Det har eininga ampere per meter, A/m. Feltlinene til H er ikkje lukka.

I lineært magnetiserbare materiale, som i luft eller tomt rom, har B og H forholdet:

 

Der

  er den magnetiske permeabiliteten i mediet, målt i henry per meter (H/m).

I ikkje-lineære magnetiske materiale opptrer typisk hysteresekurver slik figuren viser for B og H i felta for magnetisk blekk ved ulik maksimal magnetisering. Når H-feltet aukar vil B-feltet følgja den nedre kurva, når H-feltet fell vil B-feltet følgja den øvre kurva med same farge. Remanens er det B-feltet som er igjen når H-feltet har gått til null (også kalla restmagnetisme). Koersivitet er eit uttrykk for kva nivå H-feltet må vera på for å få B til å gå til null etter å ha vore magnetisert. Låg koersivitet vil seia at materialet er lett å avmagnetisera.

Praktisk nytte

endre

I dynamiske mikrofonar og i elektrodynamiske høgtalarar er det ein spole som rører seg i eit kraftig magnetfelt. Høyreapparat har ein spole som kan ta opp magnetfelt som vert induserte av ei teleslynga.

Elektromagnetisme har eit stort bruksområde. Dersom eit magnetfelt påverkar ein leiar, vert det indusert ei spenning i leiaren, slik at det går straum i han, som t.d. i ein generator. Motsett kan straum gjennom ein leiar skapa kraftige magnetfelt som påverkar store eller små lekamar.

Påverknad på helsa?

endre
 
Høgspentliner i Suffolk i England

I visse miljø har det lenge vore hevda at det å verta påverka av magnetfelt t.d. frå elektriske apparat i heimen eller frå høgspentliner har ein negativ effekt på folk si helsa.

Personar som kjenner seg uvel ved elektromagnetisk stråling, kallar seg el-overkjenslege. Dette gjeld stråling med høg frekvens frå vanlegge elektriske apparat, og må ikkje forvekslast med dei kraftigare magnetfelta frå høgspentliner, som har mykje lågare frekvens.

Nyare forsking har vist at det kan vera ein samanheng mellom kreft og ekponering for magnetfelt. Ein rapport frå 2000 viste ein dobla risiko for leukemi hjå born som var eksponerte for magnetfelt som i gjennomsnitt var større enn 4 mikrotesla. Resultata er likevel ikkje klåre nok til å trekkja ein endeleg konklusjon. Studiar av andre sjukdommar og andre aldersgrupper har ikkje vist resultat som tyder på samanhengar mellom sjukdom og slik stråling.

Sjølv om det ikkje klårt har vore påvist samanhengar mellom magnetfelt og sjukdommar og plager, har styresmaktene i Noreg lagt inn krav om at nye høgspentanlegg skal plasserast slik at det vert minst mogleg stråling på bustader, og at anlegg som kan utsetja folk for meir enn 4μT skal greiast ut og kartleggjast nøye.

Kjelder

endre