Australdrakelilje

planteart
(Omdirigert frå Cordyline australis)
Australdrakelilje
Australdrakelilje
Australdrakelilje
Utbreiing
Utbreiinga av australdrakelilje
Utbreiinga av australdrakelilje
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Aspargesfamilien Asparagaceae
Underfamilie: Lomandroideae
Slekt: Cordyline
Art: Australdrakelilje C. australis
Vitskapleg namn
Cordyline australis

Australdrakelilje (Cordyline australis) er eit tre i aspargesfamilien som kjem frå New Zealand. Det kan bli inntil 20 meter høgt. Blada er sverdforma og blir 40-90 cm lange og 3-7 cm breie.

Små individ har berre ei bladkrone, men etterkvart vil det koma ut nye skot frå stammen like under krona som blir til nye greiner med eigne bladkroner. Det er ofte etter bløminga at dei nye skota veks ut. Planten blømer seint på våren til seinsommaren og har kvite kremaktige blomar i tette klasar som blir 50-100 cm lange. Fruktene er som kvite bær med ein diameter på 5-7 mm.

Utbreiing endre

Australdrakelilje er blitt utbreidd som prydplante utanfor New Zealand, hovudsakleg i Vest-Europa og på Dei britiske øyane, men også på nordvestkysten av USA. Mykje av grunnen til at han er populær er at planten er tilpassa kjølige klima men gjev ein tropisk effekt, også i hagar med temperert klima.

Australdrakelilje passar godt i maritimt klima langs sørvestkysten av Noreg,der middeltemperaturen vinterstid ikkje går under null grader celcius. Etablerte individ skal ha overlevd kortvarige temperaturar ned mot −10 grader celcius, men vil trenga vern i strenge og langvarige vintrar med mykje snø. I tilfelle der bladkrona er blitt skadd av vêr og vind kan det skyta nye skot frå stammen lenger nede.

Variantar endre

I tillegg til den vanlege grøne varianten finst det fleire andre variantar som Red Sensation, Red Star, Sundance og Variegata.

Kjelder endre

Litteratur endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Australdrakelilje