Cornwall Island er ei låg isfri øy utanfor nordkysten av Robert Island i Sør-Shetlandsøyane i Antarktis. Ho har eit areal på 15 hektar.[1] Mónica Rock (62°20′28.4″S 59°44′27″W / 62.341222°S 59.74083°W / -62.341222; -59.74083) ligg 1,65 km vest for øya. Området vart ofte vitja tidleg på 1800-talet av engelske og amerikanske selfangarar som opererte frå nærliggande Clothier Harbour.

Cornwall Island
øy
Land  Antarktis
Øygruppe Sør-Shetlandsøyane
Del av Sør-Shetlandsøyane
Koordinatar 62°20′33.4″S 59°42′32.4″W / 62.342611°S 59.709000°W / -62.342611; -59.709000
Areal 15 ha
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Cornwall Island
62°20′33″S 59°42′32″W / 62.3426°S 59.709°W / -62.3426; -59.709
Cornwall Island is located in Antarktis
Cornwall Island (Antarktis)
Topografisk kart over Livingston, Greenwich, Robert, Snow og Smith-øyane.

Øya vart namngjeven i 1935 av Discovery Investigations etter Cornwall House, der Admiralty Hydrographic Office heldt til på denne tida. Mónica Rock vart kartlagd i 1949-50 av Den chilenske antarktisekspedisjonen og kalla opp etter den eldste dottera til løytnant Venturini, eit ekspedisjonsmedlem.

Cornwall Island ligg 2,8 km nordaust for Fort William på Robert Island, 4,2 km aust for Table Island, 920 meter sør-sørvest for Rogozen Island og 2,64 km vest for Hammer Point på Robert Island.

Sjå òg

endre

Kjelder

endre
  1. L.L. Ivanov. Antarctic: Livingston Island and Greenwich, Robert, Snow and Smith Islands. Scale 1:120000 topographic map. Troyan: Manfred Wörner Foundation, 2009. ISBN 978-954-92032-6-4

Bakgrunnsstoff

endre