Cornwall Peaks
Cornwall Peaks er to kjennelege fjelltoppar, den høgaste på 960 moh, som ligg på vestsida av Königbreen, 2,5 nautiske mil sørvest for Fortuna Bay på Sør-Georgia. Namnet Cornwall Peak vart truleg gjeve av eit lag frå Discovery Investigations (DI) i løpet av kartlegginga deira av Fortuna Bay i 1929. Under South Georgia Survey, 1951–52, fann ein ikkje ut kva fjell DI hadde gjeve namn til. Samstundes hadde ein kartlagd dette fjellet som trong eit namn. Namnet Cornwall Peaks vart tilrådd av UK Antarctic Place-Names Committee i 1954.[1]
Cornwall Peaks | |||
fjell | |||
Land | Sør-Georgia og Sør-Sandwichøyane | ||
---|---|---|---|
Topp | Sør-Georgia | ||
• høgd | 960 moh. | ||
- koordinatar | 54°11′S 36°52′W / 54.183°S 36.867°W | ||
Cornwall Peaks 54°11′00″S 36°52′00″W / 54.1833°S 36.8667°W | |||
Kart som viser Cornwall Peaks.
|
Kjelder
endre- ↑ «Cornwall Peaks». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 18. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Cornwall Peaks» (innhald frå Geographic Names Information System).