Coronation Island

(Omdirigert frå Coronationøya)
Denne artikkelen handlar om øya i Sør-Atlanteren. For øya i Nord-Stillehavet, sjå Coronation Island i Alaska.

Coronation Island er den største av Sør-Orknøyane, 40 km lang og frå 5 til 13 km (i snitt 9 km) brei. Øya strekkjer seg hovudsakleg frå aust til vest og er stort sett dekt av is. Ho har mange viker, isbrear og fjelltoppar og den høgaste toppen er 1265 meter over havet. Ho vart oppdaga i desember 1821 av kaptein Nathaniel Palmer, ein amerikansk sjømann, og kaptein George Powell, ein britisk sjømann. Powell kalla opp øya til ære for kroninga av George IV, som vart konge av Storbritannia i 1820.

Coronation Island
øy
Antarktis pelssel på Coronation Island
Land  Antarktis
Øygruppe Sør-Orknøyane
Del av Sør-Orknøyane
Stad Antarktis
 - koordinatar 60°37′S 45°35′W / 60.617°S 45.583°W / -60.617; -45.583
Høgaste punkt
 •  høgd 1 265 moh.
Lengd 40 km
Areal 457 km²
Folketal 0
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Coronation Island
60°37′00″S 45°35′00″W / 60.616666666667°S 45.583333333333°W / -60.616666666667; -45.583333333333
Coronation Island is located in Antarktis
Coronation Island (Antarktis)
Wikimedia Commons: Coronation Island

Sjå òg

endre

Kjelder

endre