George Powell
George Powell (fødd 1794 i London, daud 1824 på Tonga)[1] var ein britisk selfangar, oppdagar og amatørnaturalist. I 1821 og 1822 var han kaptein på ein selfangstekspedisjon til Sør-Shetlandsøyane. Under denne ekspedisjonen produserte han særs nøyaktige kart basert på observasjonane hans av nordkysten av øygruppa og andre sine observasjonar av sørkysten.[2] 6. desember 1821, som kaptein på sluppen «Dove», oppdaga han Sør-Orknøyane i lag med amerikanaren Nathaniel Palmer, og namngav dei etter kong Georg IV.[2]
George Powell | |
Statsborgarskap | Storbritannia |
Fødd | 1794 London |
Død | |
Yrke | oppdagar |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «George Powell (mariner)» frå Wikipedia på engelsk, den 3. november 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ John Stewart: Antarctica – An Encyclopedia. Vol. 1, McFarland & Co., Jefferson and London 2011, ISBN 978-0-7864-3590-6, s. 1244.
- ↑ 2,0 2,1 Headland, Robert K. (1989). Chronological list of Antarctic expeditions and related historical events. Cambridge University Press. ISBN 978-0-521-30903-5. OCLC 185311468.