Cottbus

by i Brandenburg, Tyskland

Cottbus (nedersorbisk Chośebuz, polsk Chociebuż) er ein by i Tyskland og i delstaten Brandenburg med om lag 100 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 125 km søraust for Berlin ved elva Spree.

Cottbus
Cottbus Altmarkt
Cottbus Altmarkt
Cottbus Altmarkt
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Cottbus
Cottbus is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Brandenburg
Ingen
Kreisfri by
Grunnlagd 900-talet
Geografi
Flatevidd
 - By

164,28 km²
Innbyggjarar
 - By (2007)
   - folketettleik

102 265
  623/km²
Koordinatar 51°45′38″N 14°20′03″E / 51.76056°N 14.33417°E / 51.76056; 14.33417
Høgd over havet 70 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 03042-03055
Telefon-retningsnummer 0355
Bilnummer CB
Heimeside: www.cottbus.de

Historie

endre

Busetnaden vart grunnlagd på 900-taletsorbarar reiste eit slott på ei sandøy i elva Spree. Han vart først nemnd som ein by i 1156. På 1200-talet kom tyske kolonistar til byen og levde side om side med sorbarane. I mellomalderen var Cottbus kjend for ull, og varene som vart produsert vart eksportert til heile Brandenburg, Böhmen og Sachsen. I 1462 gjekk Cottbus til kurfyrstedømet Brandenburg, som i 1618 vart ein del av hertugdømet Preussen. I 1815 vart dei omliggande områda øvre og nedre Lausitzer avstått frå Kongedømet Sachsen til Preussen.

Frå 1949 til gjenforeininga av Tyskland i 1990 høyrte Cottbus til Aust-Tyskland.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre