Country Memories
Studioalbum av Jerry Lee Lewis
Utgjeve 1977
Innspelt Nashville, Tennessee
Sjanger country
Selskap Mercury
Produsent Jerry Kennedy
Jerry Lee Lewis-kronologi 
Country Class

(1976)

Country Memories Jerry Lee Keeps Rockin'

(1978)


Country Memories er eit studioalbum av Jerry Lee Lewis som kom ut på Mercury Records i 1977.

Bakgrunn

endre

Det lange forholdet mellom Lewis, Mercury Records og produsenten Jerry Kennedy gjekk mot slutten i 1977. Han hadde høyrt til Mercury og dotterselskapet Smash sidan 1963 og sidan 1968 hatt mange countryhittar, mellom anna 17 inne på Topp 10. Dei siste åra hadde derimot albuma han byrja å vere overproduserte og hittane uteblei. Dei mange åra på turné med alkohol og piller byrja å slite på Lewis, som byrja å få helseproblem (som blødande magesår). Stemma hans byrja òg å bli merkbar hås. Han var framleis etterspurt som konsertartist, men spelte berre eitt album til for Mercury, Jerry Lee Keeps Rockin' i 1978.

Innspeling

endre

Den siste store hitten til Lewis for Mercury var «Middle Age Crazy», ein song skriven av Sonny Throckmorton om ein mann som vil vere ung for alltid. Singelen klarta til fjerdeplassen på countrylista til Billboard. Ein annan singel, Bobby Braddock-balladen «Come On In», nådde òg Topp 10.

Innhald

endre
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Middle Age Crazy»Sonny Throckmorton 
2.«Let's Say Goodbye Like We Said Hello (In a Friendly Kind of Way)»Jimmie Skinner, Ernest Tubb 
3.«Who's Sorry Now?»Bert Kalmar, Harry Ruby, Ted Snyder 
4.«Jealous Heart»Jenny Carson 
5.«Georgia On My Mind»Hoagy Carmichael, Stuart Gorrell 
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Come on In»Bobby Braddock 
7.«As Long as I Live»Dorsey Burnette 
8.«(You'd Think By Now) I'd Be Over You»Jerry Foster, Bill Rice 
9.«Country Memories»Jerry Foster, Bill Rice 
10.«What's So Good About Goodbye»Bob McDill 
11.«Tennessee Saturday Night»Billy Hughes 

Kjelder

endre