Jerry Lee Lewis

amerikansk songar, pianist og komponist

Jerry Lee Lewis (29. september 193528. oktober 2022) var ein amerikansk rock and roll- og countryartist, låtskrivar og pianist. Han var ein tidleg pioner innan rock and roll og vart innlemma i Rock and Roll Hall of Fame i 1986. I 2004 sette musikkmagasinet Rolling Stone han på 24. plass på lista deira over dei 100 største artistane gjennom tidene.[1]

Jerry Lee Lewis

Fødd29. september 1935
FødestadFerriday
Død28. oktober 2022 (87 år)
DødsstadDeSoto County, Nesbit
AliasThe Killer
OpphavUSA
Aktiv1954 til i dag
SjangerRock and roll
Country
Rockabilly
InstrumentVokal, piano
Stemmetypetenor
PlateselskapSun Records, Mercury Records, Warner Bros. Records, MCA Records
Verka somMusikar, låtskrivar
Gift medDorothy Barton, Jane Mitchum, Myra Gale Brown, Jaren Elizabeth Gunn Pate, Shawn Stephens, Karrie McCarver, Judith Lewis
PrisarGrammy Lifetime Achievement Award, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Rock and Roll Hall of Fame

Biografi endre

Lewis vart fødd i ein fattig familie i Ferriday i Louisiana og byrja å spele piano med to av syskenborna sine. Foreldra sette garden sin i pant for å kjøpe eit piano til han. Han var påverka av pianospelinga til det eldre syskenbornet Carl McVoy, radio og musikk frå svarte juke joints der han voks opp[2] og utvikla etter kvart si eiga blanding av rhythm and blues, boogie-woogie, gospel og country, samt at han var inspirert av «country boogie»-pianistar som Moon Mullican og Merrill Moore.

Lewis vart skriven inn på ein kristen skule av mora, men vart kasta ut då han spelte ei boogie woogie-utgåve av «My God Is Real» på eit kyrkjemøte. Han forlet religiøs musikk og starta å spele i klubbar i og rundt Ferriday og Natchez i Mississippi. Han kom raskt inn i rock and roll-stilen og spelte inn si første demoplate i 1954. Han reiste til Nashville rundt 1955 der han spelte på klubbar og prøvde å skape eit namn for seg sjølv, men vart avvist av radioprogrammet Grand Ole Opry og fekk beskjed om at han kanskje heller skulle byrje å spele gitar.

Lewis reiste til Memphis i Tennessee i november 1956 og prøvespelte for Sun Records. Eigaren Sam Phillips var borte på reise til Florida, men produsent og lydteknikar Jack Clement spelte inn Lewis si utgåve av Ray Price sin «Crazy Arms» og hans eigen «End of The Road». I desember 1956 vart Lewis både eigen artist og studiomusikar for andre Sun-artistar, som Carl Perkins og Johnny Cash. Ein kan høyre pianoet hans på mange songar på Sun frå seint 1956 og tidleg 1957, som Carl Perkins sine «Matchbox» og «Get Your Cat Clothes On» og Billy Lee Riley sin «Flyin' Saucers Rock'n'Roll». Fram til då hadde rockabilly sjeldan hatt piano, men det viste seg å få stor innverknad på seinare musikk og andre rockabilly-artistar frå andre selskap starta etter kvart å nytte sine eigne pianistar.

4. desember 1956 kom Elvis Presley til Sun Studios for å vitje Phillips, medan Perkins spelte inn ein ny song med Lewis på piano. Dei tre starta å spele saman og seinare møtte òg Johnny Cash opp. Heile denne hendinga vart tatt opp på tape av Phillips og gjeve ut som Million Dollar Quartet i 1990.

Lewis sine eigne singlar, under namnet Jerry Lee Lewis and his Pumping Piano, gav han hittar som «Whole Lotta Shakin' Goin' On» og «Great Balls of Fire», som vart den største hitten hans, og gjorde han internasjonalt kjend, trass i at dei seksuelle undertonane gjorde at mange radiostasjonar boikotta dei.

Lewis var ikkje den første pianisten som spelte boogie-woogie, men vert rekna som ein pioner innan pianorock, ikkje berre gjennom stilen hans, men òg gjennom dei dynamiske framføringane hans. Han sparka ofte pianokrakken bort og spelte ståande, drog handa opp og ned tangentane, sette seg ned på tangentane og stod til og med oppå instrumentet. Den første TV-opptredenen hans, der han gjorde mykje av dette, var The Steve Allen Show i juli 1957, der han spelte songen «Whole Lot of Shakin' Going On».[3][4]

Filmar som High School Confidential, der han song tittelsongen, og Jamboree viser den frenetiske framføringa hans. Han har vorte kalla den første villmannen i rock 'n' roll.[5] Desse teknikkane har seinare vorte nytta av andre pianorock-artistar som Elton John, Billy Joel og Ben Folds.

Han gifta seg med Jane Mitcham, den andre kona si, 23 dagar før han skilde seg frå den første kona. Men det var den tredje kona hans som skulle gje han store problem. Myra Gale Brown, som han gifta seg med i 1958, var born av syskenbarnet til Lewis og berre 13 år gammal, medan Lewis sjølv var 23. Då dette vart offentleg kjend skapte det stort medieoppstyr og den nye turneen hans vart stoppa etter berre tre konsertar. Skandalen gjorde at Lewis vart svartelista frå amerikansk radio og forsvann nesten fullstendig frå det offentlege.

Lewis spelte etter kvart inn meir musikk for Sun Records og fekk ein hit i 1961 med Ray Charles sin «What'd I Say». Han forlet Sun Records i 1963 og skreiv under for Smash Record, men fekk ikkje suksess her. Han var derimot framleis forholdsvis populær i Europa, og spelte her inn Live at the Star Club, Hamburg (1964) som ofte vert omtalt som eit av dei beste konsertalbuma innan rock and roll nokon gong.[6][7] [8] [9][10][11] Musikkritikar Stephen Thomas Erlewine skriv «Live at the Star Club er usedvanleg, den reinaste, hardaste rock & roll som nokon gong er fanga på plate.»[10]

I 1960-åra prøvde Lewis fleire gonger på eit comeback som rock and roll-artist utan hell, før han starta å spele inn country-balladar. I 1968 gjekk countrysongen «Another Place, Another Time» til Topp 10 i USA og han fekk ei rekkje singlar inn på listene dette året. Singelen «To Make Love Sweeter For You» gjekk heilt til topps. Gjennom 70-åra hadde han stort suksess med countrymusikken og spelte inn fleire plater og singlar. Den siste store countryhitten hans kom i 1981 med «Thirty-Nine and Holding».

I 1989 kom filmen Great Balls of Fire som omhandla livet hans med Dennis Quaid som Lewis og Winona Ryder som Myra og Alec Baldwin som Jimmy Swaggart. Filmen fokuserer på den tidlege karrieren til Lewis, ekteskapet med Myra og skandalen i slutten av 1950-åra.

Lewis heldt fram fram med å spele konsertar langt opp i åra, og i 2006 kom albumet Last Man Standing med fleire tidlegare rock and roll-musikarar som gjesteartistar.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Jerry Lee Lewis» frå Wikipedia på engelsk, den 23. september 2008.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Nick Tosches (1982). Hellfire. New York: Grove Press. 
    • Jimmy Gutterman (1991). Rockin' My Life Away: Listening to Jerry Lee Lewis. Nashville: Rutledge Hill Press. 
    • Jimmy Gutterman (1993). The Jerry Lee Lewis Anthology: All Killer, No Filler. Rhino Records. 
    • Myra Lewis (1981). Great Balls of Fire: The Uncensored Story of Jerry Lee Lewis. William Morrow/Quill/St. Martin's Press. 
    • Joel Whitburn (1985). The Billboard Book of Top 40 Hits. 
  1. «The Immortals: The First Fifty». Rolling Stone. 
  2. Natchez Under The Hill Saloon - Natchez Mississippi, arkivert frå originalen 16. juli 2004, henta 23. september 2008 
  3. Jerry Lee Lewis – Greatest Live Performances of the '50s, '60s og '70s – DVD, 2007.
  4. "The Steve Allen Show" (1956-1957) Arkivert 2008-12-10 ved Wayback Machine.
  5. Allmusic om Lewis
  6. Peter Checksfield, "Jerry Lee Lewis. The Greatest Live Show on Earth", Record Collector, #188 - April 1995, s. 79.
  7. Milo Miles, Album review of Live at the Star Club, Hamburg Arkivert 2009-09-10 ved Wayback Machine.. Rolling Stone, #899/900 - Juli 2002, s.112.
  8. Q Magazine, #1, 2002, s.59.
  9. Mojo, 3/01/04, s.52.
  10. 10,0 10,1 Stephen Thomas Erlewine, Album Review: "Live at the Star Club, Hamburg"[daud lenkje]Allmusic.
  11. Steven Stoulder, Editorial review of "Live at the Star Club, Hamburg"Amazon.com.

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Jerry Lee Lewis