Créteil er ein kommune i dei søraustlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 11,5 km frå Paris sentrum, men har eigen bystatus. Créteil er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Val-de-Marne. Byen har setet for eit romersk-katolsk sokn og ein av 30 nasjonale académies (distrikt) av Ministre de l'Éducation nationale (Nasjonalt utdanningsdepartement). Innbyggjarane i Créteil vert kalkla Cristolien, og sidan 1977 har ordføraren vore Laurent Cathala.

Créteil
Byvåpenet til Créteil
Byvåpenet til Créteil
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Île-de-France
Val-de-Marne
Geografi
Flatevidd 11,46 km²
Flatevidd
 - By

11,43 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

88 400
  7 734/km²
Koordinatar 48°47′26″N 2°27′46″E / 48.79056°N 2.46278°E / 48.79056; 2.46278
Høgd over havet 63 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 94000
Heimeside: http://www.ville-creteil.fr/

Créteil får vatn frå elva Marne, som renn gjennom byen det siste stykket før ho munnar ut i Seinen ved Charenton-le-Pont. Byen ligg på ei elveslette danna av Marne og Seinen.

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Créteil