Crack Bluff
Crack Bluff er ein skrent 15 km søraust for Kutschin Peak på vestsida av Nilsen Plateau i Dronning Maudfjella. Skrenten har ei høgd på 2810 moh og består av mange eksponerte klipper. Namnet vart foreslått av Edmund Stump i feltgruppa frå Ohio State University under US Antarctic Research Program som geologisk kartla skrenten den 27. desember 1970. Namnet skildrar den rare underhorisontale sprekken som består av bitar av breksje.[1]
Crack Bluff | |||
klippe | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Victoria Land | ||
- koordinatar | 86°33′S 158°38′W / 86.550°S 158.633°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Crack Bluff 86°33′00″S 158°37′59″W / 86.55°S 158.633°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Crack Bluff». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 16. januar 2014.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Crack Bluff» (innhald frå Geographic Names Information System).