Crane Cove er ei grunn vik mellom nordsida av Bailey Peninsula og ei øy utan namn lenger nord på Budd Coast. Vika har opning mot vest. Fleire låge skjer gjer at ein nesten kan gå tørrskodd frå Bailey Peninsula til øya. Desse skjera skil ho frå ei liknande vik litt lenger aust. Ho vart først kartlagd i februar 1957 av eit lag frå USS «Glacier». Namnet vart foreslått av løytnant Robert C. Newcomb, som var navigatør på «Glacier», etter elektrikaren Robert I. Crane i US Navy, som deltok under landmålinga.[1]

Crane Cove
vik
Land  Antarktis
Koordinatar 66°17′S 110°31′E / 66.283°S 110.517°E / -66.283; 110.517
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Crane Cove
66°17′00″S 110°31′01″E / 66.2833°S 110.517°E / -66.2833; 110.517
Crane Cove is located in Antarktis
Crane Cove (Antarktis)

Kjelder

endre
  1. «Crane Cove». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 22. november 2012. 

  Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Crane Cove» (innhald frå Geographic Names Information System).