Craonne (lokal uttale /krɑn/) er ein kommune i Aisne-departmentet i Picardie nord i Frankrike.

Craonne
kommune
Vegen inn til Craonne
Våpenskjold
Land  Frankrike
Region Picardie
Distrikt Aisne
Areal 8,62 km²
Folketal 77
Kart
Craonne
49°26′24″N 3°47′12″E / 49.44°N 3.7866666666667°E / 49.44; 3.7866666666667
Wikimedia Commons: Craonne

Craonne ligg midtvegs mellom Laon og Reims, 18,5 km sørvest for Laon. Elva Ailette utgjer ein del av den nordre kommunegrensa.

Ei grav frå øydelagde gamle Craonne.

Landsbyen var åstad for slaget ved Craonne under Den sjette koalisjonskrigen, ein av Napoleonskrigane, i 1814. Han blei vidare totaløydelagd under Chemin des Dames-slaga under første verdskrigen. Den tidlegare busetnaden er i dag eit arboret, medan den nye landsbyen blei bygd i 1920-åra, sørvest for den gamle.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Craonne