Opna hovudmenyen
Picardie
Våpenskjoldet til Picardie
Fakta
Hovudstad Amiens
Regionspresident Claude Gewerc
Flatevidd 19 399 km²
Folketal 1 886 000 (2006)
Rangering 12
Folketettleik 97 innb./km²
Arrondissement 13
Kantonar 129
Kommunar 2 292
Geografi
Plassering av Picardie i Frankrike

Departement
Aisne   Oise
Somme

Picardie er ein tidlegare region i Frankrike i den nordlege delen av landet. I 2016 blei han del av Hauts-de-France.

Den moderne regionen Picardie var større enn den historiske provinsen med same namn.

Namn og kulturEndra

Namnet på regionen er avleia av «picard», nemninga brukt av parisarar om alle bønder som haldt til nord for Senlisis og Valois (der bøndene i staden var «bûcherons»). I nord blei alle som ikkje snakka flamsk kalla picardar. Studentar frå regionen gjekk saman i lag som dei kalla «Nation Picarde» i Paris og Orléans.

I store delar av Picardie snakkar ein picard, ein eigen type fransk språk. Det hadde stordomstida si på 1200-talet, då det blei snakka i heile Picardie, bortsett frå i Oise og Aisne i sør, i tillegg til dagens moderne departement Pas-de-Calais, store delar av departementet Nord og noko av regionane Mons og Tournai i dagens Belgia. Ved byrjinga av 1800-talet hadde parisarfransk teke over. Picard var gått ut av bruk i dei sørlege regionane og blant betrestilte folk, og blei sett på som ein ukultivert bondedialekt.

ByarEndra

BakgrunnsstoffEndra

Koordinatar: 50°00′N 3°30′E

  Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.