Opna hovudmenyen

Cristiano Ronaldo

portugisisk fotballspelar

Cristiano Ronaldo dos Santos Aveiro (fødd 5. februar 1985 i FunchalMadeira i Portugal) er ein portugisisk fotballspelar. Han spelar per 2019 for den italienske klubben Juventus, og har tidlegare spela for Real Madrid, Sporting Lisboa og Manchester United.

Cristiano Ronaldo
Cristiano Ronaldo after 2018 UEFA Champions League Final.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Cristiano Ronaldo dos Santos Aveiro
Fødd 5. februar 1985 (34 år)
Fødestad Funchal
Høgd 185 cm
Posisjon Angrep
Klubbinformasjon
Noverande lag
Spania Real Madrid
Nummer 7
Ungdomsklubbar
1993-95
1995-97
1997-2002
Portugal Andorinha
Portugal Nacional
Portugal Sporting
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
2002-2003
2003-2009
2009-
Portugal Sporting
Flag of England.svg Man United
Spania Real Madrid
25 (3)
196 (84)
200 (225)
Landslag
2002-2003
2004
2003-
Portugal Portugal U21
Portugal Portugal U23
Portugal Portugal
10 (3)
3 (2)
120 (55)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 27. juli 2015
‡ Landslagsmål oppdatert 27. juli 2015

Han vart ligameister med Sporting Lisboa i 2003, og i august same året skreiv han under for United. Mange frykta at presset vart stort for den dåverande 18-åringen sidan han fekk den legendariske trøya nr. 7. Ronaldo meistra forventningspresset fint, og var med på å vinne FA-cupen i den fyrste sesongen sin. Han vart toppskårar i Premier League i 2007/08-sesongen med 31 seriemål, og var Manchester United sin toppskårar i Premier League også i 2006/07- og 2008/09-sesongen. Han vann Premier League med Manchester United tre gonger, i 2007, 2008 og 2009. I 2008 var han med på å vinna den europeiske Meisterligaen med United, og i 2008 VM for klubblag. Han vart kåra til årets spelar i Premier League i 2006/07-sesongen og i 2007/08-sesongen. I 2008 vart han òg kåra til årets spelar i verden av FIFA.

Med Real Madrid har han vunne den spanske serien, i 2012, og Meisterligaen i 2014. Han var klubben sin toppskårar i serien fire sesongar i strekk frå 2010/11-sesongen og framover. Han vart toppskårar i den spanske toppdivisjonen i 2010/11- og 2013/14-sesongen. I fotball-EM i 2012 spela han alle Portugal sine fem kampar og skåra tre mål då Portugal nådde semifinalen i meisterskapen. Han vart dimed ein av seks spelarar som delte tittelen som toppskårar i turneringa.

Cristiano Ronaldo vert rekna som ein av dei mest talentfulle spelarane i Europa, og har fast plass på det portugisiske herrelandslaget i fotball. Han debuterte på landslaget i august 2003, og var ein av dei beste spelarane på laget under EM i 2004, der han skåra to mål. Mest kjend er C. Ronaldo for dei vanvittige fintene og finessane sine i tillegg til ein svært god basisteknikk. Skot- og pasningsfoten hans er også i orden og alt i alt er han ein av dei klart mest talentfulle spelarane i verda på sin alder.

Karriere som spelar (alle turneringar)Endra

Per 21. januar 2008

Klubb Kampar Mål Periode
  Sporting Lisboa 25 3 1999-2003
  Manchester United 196 84 2003-2009
  Real Madrid 150 185 2009-