Sporting Clube de Portugal, i Noreg kjend som Sporting Lisboa eller berre Sporting, er eit idrettslag i Lisboa i Portugal. Sporting er mest kjend for fotballaget sitt, men har utøvarar på toppnivå også i andre idrettar. Laget, som vart skipa 1. juli 1906, har over 100 000 medlemer.

Lagoppstillingane til UEFA-cupfinalen mellom CSKA Moskva og Sporting CP i 2005

Sporting CP er ein av dei tre store ("Três Grandes") fotballklubbane i Portugal, saman med Benfica og FC Porto. Sporting CP var mellom klubbane som danna Primeira Liga i 1933 og har aldri sidan rykt ned frå Primeira Divisão, til liks med Porto og Benfica. Sporting har vunne 20 nasjonale seriemeisterskap og 19 cupmeisterskap. Høgdepunktet for klubben er likevel sigeren i Cupvinnarcupen 1964. I 2005 nådde Sporting Lisboa finalen i UEFA-cupen, der det vart tap mot CSKA Moskva, endå kampen vart avvikla på Sporting si heimebane i Lisboa. Laget spelar i kvite-og-grønstripete trøyer og svarte bukser.

Gjennom den over 100-årige historia til Sporting har lag og enkeltutøvarar vunne tre olympiske gullmedaljar og mange sølv- og bronsemedaljar, samt tusenvis av nasjonale meisterskap. Carlos Lopes vann OL-gull i friidrett då han i 1984 sigra i maratonløpet i Los Angeles. Basketballaget til Sporting vann sju nasjonale seriemeisterskap og fem cupmeisterskap i perioden 1954-82. I rullehockey har Sporting sigra i fire store europeiske turneringar.

Kjelder

endre