Cry Like a Rainstorm, Howl Like the Wind
Cry Like a Rainstorm, Howl Like the Wind Studioalbum av Linda Ronstadt | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Oktober 1989 | |
Innspelt | Mars til august 1989 | |
Studio | Skywalker Ranch i Marin County | |
Sjanger | ||
Lengd | 43:02 | |
Selskap | Elektra Records WEA International | |
Produsent | Peter Asher | |
Linda Ronstadt-kronologi | ||
---|---|---|
Canciones de Mi Padre (1987) |
Cry Like a Rainstorm, Howl Like the Wind |
Mas Canciones (1991)
|
Singlar frå Cry Like a Rainstorm, Howl Like the Wind | ||
|
Cry Like a Rainstorm, Howl Like the Wind er det sekstande studioalbumet til den amerikanske songaren Linda Ronstadt, gjeve ut i oktober 1989 av Elektra Records. Det vart produsert av Peter Asher og inneheld fleire duettar i lag med songaren Aaron Neville, som vann Grammyprisar, og fleire songar skrivne av Jimmy Webb og Karla Bonoff. Albumet selde over tre millionar eksemplar og selde til 3x platina i USA aleine. Det var òg ein stor suksess elles i verda.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Chicago Tribune | [2] |
Los Angeles Times | [3] |
Rolling Stone | [4] |
Komposisjon
endreCry Like a Rainstorm, Howl Like the Wind er ei varierande samling av songar innan rock, R&B og pop. I tillegg inneheld albumet eit par balladar, mellom anna Jimmy Webb sin «Adios». Av dei tolv spora er fire av dei duettar mellom Ronstadt og Aaron Neville frå Neville Brothers. I tillegg spelte The Skywalker Symphony, blåserekkja i Tower of Power og Oakland Interfaith Gospel Choir på albumet. I tillegg til songar av Jimmy Webb og Karla Bonoff, er her songar av Brian Wilson, som var med og song og var arrangør på den 14. topp 10-hitten til Rontadt på Adult Contemporary-lista, «Adios». Andre arrangørar på albumet var Marty Paich, David Campbell, Jimmy Webb, Greg Adams og Terrance Kelly.
Mottaking
endreCry Like a Rainstorm, Howl Like the Wind selde godt og singelen «Don't Know Much» gjekk til topps på singellista i USA, ein av duettane med Neville. «Don't Know Much» og «All My Life», ein annan stor hitt og duett med Neville, vann begge Grammyprisen i høvesvis 1990 og 1991 for beste popsong av ein duo eller ei gruppe. Albumet vart nominert til Grammyprisen for beste kvinnelege popsong i lag med Bette Midler, Bonnie Raitt, Gloria Estefan og Paula Abdul. Albumet nådde sjuandeplassen på den amerikanske Billboard 200-lista og låg inne på lista i over eitt år.
Då albumet nådde Billboard Top 10 seint i 1989 vart Ronstadt den andre kvinna i historia som nådde topp 10 med ti album etter Barbra Streisand.
Innhald
endreNr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Still Within the Sound of My Voice» | Jimmy Webb | 4:32 |
2. | «Cry Like a Rainstorm» | Eric Kaz | 3:36 |
3. | «All My Life» | Karla Bonoff | 3:36 |
4. | «I Need You» | Paul Carrack, Nick Lowe, Martin Belmont | 2:52 |
5. | «Don't Know Much» | Barry Mann, Cynthia Weil, Tom Snow | 3:35 |
6. | «Adios» | Jimmy Webb | 3:36 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Trouble Again» | Karla Bonoff, Kenny Edwards | 3:19 |
8. | «I Keep it Hid» | Jimmy Webb | 3:58 |
9. | «So Right, So Wrong» | Paul Carrack, Nick Lowe, Martin Belmont, J. E. Ceiling, James Eller | 3:28 |
10. | «Shattered» | Jimmy Webb | 2:54 |
11. | «When Something Is Wrong with My Baby» | Isaac Hayes, David Porter | 3:52 |
12. | «Goodbye My Friend» | Karla Bonoff | 3:44 |
Total lengd: | 43:02 |
Medverkande
endreMusikarar
endre- Linda Ronstadt – solo- og harmonivokal, korvokal (4)
- Aaron Neville – solo- og harmonivokal (3, 4, 5, 11)
- Jimmy Webb – akustisk piano (1), orkesterarrangement (6)
- Robbie Buchanan – klaverinstrument (1, 3, 4, 7, 10, 11, 12), orgel (2, 4)
- Don Grolnick – akustisk piano (2, 3, 5, 7-12), klaverinstrument (6)
- William D. «Smitty» Smith – elektrisk piano (4)
- Michael Landau – elektrisk gitar (1-9, 11, 12)
- Dean Parks – elektrisk gitar (1, 2, 4, 6-11)
- Andrew Gold – elektrisk gitar (3), 12-strengs elektrisk gitar (7), gitar (12)
- Leland Sklar – bass (1, 4, 5, 9, 12)
- David Hungate – bass (2, 3, 6, 8, 10, 11)
- Carlos Vega – trommer (1-6, 8-11)
- Russ Kunkel – trommer (7, 12)
- Michael Fisher – perkusjon (1, 5, 7, 9)
- Peter Asher – perkusjon (7)
- Tower of Power – blåsarar (11)
- Marty Paich – orkesterarrangement og dirigent (1, 2, 8, 10)
- Terrance Kelly – korarrangement og dirigent (2, 8, 9)
- David Campbell – orkesterarrangement (3, 5, 7, 12), dirigent (3-7, 11, 12)
- Greg Adams – orkesterarrangement (4, 11), blåsearrangement (11), dirigent (11)
- The Skywalker Symphony Orchestra – orkester (1-8, 10, 11, 12)
- Pavel Farkas – konsertmeister (1-8, 10, 11, 12)
- Rosemary Butler – ekstra korvokal (2), korvokal (4, 7)
- Oakland Interfaith Gospel Choir – kor (2, 8, 9)
- Jon Joyce – korvokal (4)
- Arnold McCuller – korvokal (4)
- Brian Wilson – korvokal (6), arrangement (6)
Produksjon
endre- Peter Asher – produsent
- Steve Tyrell – co-produsent (spor 5)
- George Massenburg – innspeling og miksing
- Frank Wolf – ekstra lydteknikar
- Bob Edwards – assisterande lydteknikar
- Sharon Rice – assisterande lydteknikar
- Mike Ross – assisterande lydteknikar
- Jim Schelter – assisterande lydteknikar
- Ivy Skoff – produksjonskoordinasjon
- John Kosh – kunstnarisk leiar, design
- Robert Blakeman – fotografi
- Cathy Kerr – personleg assistent
- Janet Stark – personleg assistent
- Charles Barber – assistent for Marty Paich
- Jeff Beal – orkester-koordinator
- Greg Sudmeier – orkester-koordinator
Salslister
endreAlbum
Liste (1989) | Plassering |
---|---|
Australia (ARIA Charts)[5] | 11 |
UK Albums Chart[5] | 43 |
US Billboard 200 | 7 |
Singlar
År | Singel | Liste | Plassering |
---|---|---|---|
1989 | «Don't Know Much» | Adult Contemporary | 1 |
Billboard Hot 100 | 2 | ||
1990 | «Adios» | Adult Contemporary | 9 |
«All My Life» | Adult Contemporary | 1 | |
Billboard Hot 100 | 11 | ||
«When Something Is Wrong with My Baby» | Adult Contemporary | 5 | |
Billboard Hot 100 | 78 |
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cry Like a Rainstorm, Howl Like the Wind» frå Wikipedia på engelsk, den 8. desember 2020.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. Cry Like a Rainstorm, Howl Like the Wind på Allmusic
- ↑ «Linda Ronstadt Cry Like a Rainstorm-Howl Like the...». Henta 8. desember 2020.
- ↑ WILLMAN, CHRIS (1. oktober 1989). «A Treat From Ronstadt : LINDA RONSTADT (FEATURING AARON NEVILLE) JOE ELY «Cry Like a Rainstorm--Howl Like the Wind.» Elektra ***: Albums are rated on a scale of one (poor) to five (a classic) stars.». Henta 8. desember 2020 – via LA Times.
- ↑ «Cry Like A Rainstorm, Howl Like The Wind». Arkivert frå originalen 25. september 2017. Henta 8. desember 2020.
- ↑ 5,0 5,1 «LINDA RONSTADT - full Official Chart History - Official Charts Company». www.officialcharts.com. Henta 8. desember 2020.