Michael Landau

amerikansk musikar

Michael Landau (fødd 1. juni 1958) er ein USA-amerikansk musikar, lydteknikar og plateprodusent. Han har arbeidd mykje som studiomusikar og har spelt gitar på mange album sidan tidleg i 1980-åra med artistar så forskjellige som Minoru Niihara, Joni Mitchell, Seal, Michael Jackson, James Taylor, Helen Watson, Richard Marx, Steve Perry, Pink Floyd,[1] Roger Daltrey, Glenn Frey og Miles Davis.

Michael Landau

Fødd1. juni 1958 (66 år)
FødestadLos Angeles
OpphavUSA
Aktiv1976 til i dag
SjangerRock, hardrock
Instrumentvokal, gitar, slidegitar, bassgitar, sitar, mandolin, piano, synthesizer, chitarrone, gitarra conchera
PlateselskapTone Center
Verka somMusikar

I tillegg har Landau fronta fleire band som Raging Honkies og Burning Water. Tidleg i 1980-åra var han òg i bandet Maxus i lag med Robbie Buchanan, Jay Gruska og Doane Perry.

Diskografi

endre

Solo

  • Tales from the Bulge (1990)
  • The Star Spangled Banner (2001)
  • Michael Landau Live 2000 (2001)
  • The Michael Landau Group-Live (2006)
  • Organic Instrumentals (2012)

med Renegade Creation

  • Renegade Creation (2010)
  • Bullet (2012)

med Hazey Jane

  • Holy Ghost (2009)

med Stolen Fish

  • Give Me A Ride (1999)
  • Like I Said (2001)

med The Raging Honkies

  • We Are The Best Band (1994)
  • Boner (1996)

med Burning Water

  • Burning Water (1991)
  • Mood Elevator (1992)
  • Live And Lit (1993)
  • Abbandonato (1994)

Kjelder

endre
  1. «Inside the Mind of Pink Floyd: David Gilmour». gitar. September 1995. Henta 17. oktober 2015. 

Bakgrunnsstoff

endre