Opna hovudmenyen

Cuauhtémoc Blanco

meksikansk fotballspelar

Cuauhtémoc Blanco Bravo (fødd 17. januar 1973 i Mexico by) er ein mexicansk fotballspelar som spelar for Veracruz i den mexicanske fotballigaen, og for det mexicanske landslaget.

Cuauhtémoc Blanco
Cuauhtemoc Blanco 2.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Cuauhtémoc Blanco Bravo
Fødd 17. januar 1973
Fødestad Mexico by
Høgd 175 cm
Posisjon Midtbane, spiss
Klubbinformasjon
Noverande lag
Veracruz
Nummer 10
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1992-2007
1997-98
2000-02
2004
2007-09
2008
2010-
Mexico Club América
Mexico Necaxa (lån)
Spania Real Valladolid
Mexico Veracruz (lån)
USA Chicago Fire
Mexico Santos Laguna (lån)
Mexico Veracruz
333 (125)
28 (13)
23 (3)
15 (5)
62 (16)
4 (1)
14 (5)
Landslag
1995- Mexico Mexico 111 (38)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 7. april 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 7. april 2010

Blanco har blitt kåra til beste spelar i den mexicanske toppdivisjonen fem gonger. Han er den spelaren som har skåra nest flest mål for Mexico sitt landslag gjennom tidene. Han har spelt det meste av karrieren sin i klubbar i Mexico, og var tilknytt Club América i 15 år, frå 1992 til 2007. To av desse åra, frå 2000 til 2002, var han lånt ut til Real Valladolid i Spania. Han har òg spelt to år, 2007 til 2009, for Chicago Fire i den amerikanske proffligaen Major League Soccer.

Blanco har delteke i to fotball-VM for Mexico, i 1998 og 2002, og skåra i begge to, men han vart ikkje teke ut til Mexico sin tropp til fotball-VM i 2006. 13. september 2008 fekk han sin landskamp nummer 100 for Mexico. Han spelte i fleire av Mexico sine kvalifiseringskampar til VM i 2010.