Cundaøya, òg kalla Alibeyøya, (tyrkisk Cunda Adası, Alibey Adası) er den største av ei øygruppe, tidlegare kalla Hekatonisa eller Moshonisia på gresk. Ho er ei lita øy nordvest i Egearhavet utanfor kysten av Ayvalık, og ein del av provinsen Balıkesir i Tyrkia, med eit areal på 23 km². Ho ligg 16 km aust for Lésvos i Hellas.

Cundaøya
øy
Land  Tyrkia
Areal 23 km²
Folketal 3 321
Kart
Cundaøya
39°21′38″N 26°38′34″E / 39.360555555556°N 26.642777777778°E / 39.360555555556; 26.642777777778
Wikimedia Commons: Cunda Island
Cunda sett frå sjøen.

Cunda er knytt til Ayvalık på fastlandet via ei vegfylling. Øya har ein typisk ferieby med buss- og båtsamband til Ayvalık.

Etter Lausanna-traktaten i 1923 reiste den greske folkesetnaden på øya til Hellas og vart erstatta av muslimar frå Kreta og Lésvos. Det største landemerket på Cunda er kyrkja Taksiarchis, den tidlegare gresk-ortodokse kyrkja på øya.

Øydelagde trapper inne i kyrkja på Cunda.

Galleri

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Cundaøya

39°21′38″N 26°38′34″E / 39.36056°N 26.64278°E / 39.36056; 26.64278