Cupfinalen i fotball 1982/Menn

Cupfinalen i fotball 1982 var den 75. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Finalekampen vart spelt 24. oktober 1982 på Ullevaal stadion i Oslo framfor 24 000 tilskodarar. Sportsklubben Brann frå Bergen vart norsk meister i fotball for femte gong, seks år etter den forrige finaletriumfen. Laget frå Bergen vann 3–2 over finaledebutant Molde Fotballklubb. Torbjørn Aass frå Sportsklubben Brage dømde finalen.

Kampen

endre

I det 17. minutt tok Branns Geir Austvik imot eit innlegg inne i straffefeltet, tverrvende og plasserte skotet lågt nede i næraste hjørnet. Fire minutt seinare tok Jan Berg seg ned mot dødlinja før han sentra inn til Rune Ulvestad, som frå fire meter sette ballen i det tom Brann-målburet. I det 37. minutt dribla Stein Olav Hestad seg forbi ein Brann-forsvarar og sende frå dødlinja eit langt innlegg som Steinar Henden stanga i mål frå 6-7 meter. Fem minutt seinare utlikna Branns Ingvar Dalhaug til 2–2, etter litt kaos innom femmeteren til Molde, såvidt fekk hovudet på ballen som rulla over streken nede i hjørnet. Etter meir klabb og babb i Molde-forsvaret, avgjorde skotske Neil McLeod kampen då han i det 58. minutt fekk skyte midt i målet frå 6-7 meter. Innbytaren Øystein Pettersen vart utvist tre minutt før dommaren bles av kampen.

Brann stilte med: Stein Norstad, Hans Brandtun, Bjørn Erik Brandt, Tore Strand, Asgeir Kleppa, Geir Austvik, Kjell Rune Pedersen, Arne Møller, Neil McLeod Ingvar Dalhaug, Finn Krogh. Øystein Pettersen tok plassen til Dalhaug i det 64. minutt, medan Pedersen måtte vike for Terje Rolland i det 83. minutt.

For Molde spelte: Inge Bratteteig, Tor M. Hagbø, Bertil Stranden, Ulrich Møller, Per Arne Aase, Geir Malmedal, Rune Ulvestad, Ivar Helge Mittet, Stein Olav Hestad, Jan Berg og Steinar Henden.

Kjelder

endre