Cupfinalen i fotball 2023/Menn

Cupfinalen i fotball 2023 var den 115. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Finalekampen vart spelt laurdag 9. desember 2023 på Ullevaal stadion i Oslo framfor 19 178 tilskodarar. Mannskapet til Molde Fotballklubb sikra klubbens femte kongepokal ved å vinne 1–0 over Bodø/Glimt. Kristoffer Hagenes frå TIL Hovding var dommar.

Kampen

endre

I den fyrste omgangen braut Emil Breivik foten i ein duell med Glimt-målvakta. Etter ein jamspelt kamp stakk Fredrik Gulbrandsen fram i sluttminutta og skåra kampens einaste mål frå få meters hald.

Molde sitt meisterlag bestod av Oliver Petersen, Casper Øyvann, Martin Ellingsen, Eirik Haugan, Kristoffer Haugen, Mathias Løvik, Markus Kaasa, Emil Breivik, Kristian Eriksen, Magnus Eikrem (kaptein), Fredrik Gulbrandsen, samt innbytarane Martin Bjørnbak, Veton Berisha, Martin Linnes, Magnus Grødem, Anders Hagelskjær.

Bodø/Glimt stilte med Julian Faye Lund, Brice Wembangomo, Isak Amundsen, Fredrik Bjørkan, Brede Moe, Albert Grønbæk, Sondre Fet, Patrick Berg (kaptein), Amahl Pellegrino, Pemi Faris og Nino Zugelj. Odin Bjørtuft, Ulrik Saltnes, Tobias Gulliksen, Oscar Kapskarmo, Adam Sørensen kom alle i spel som innbytarar.

Kjelder

endre