Opna hovudmenyen

Cupfinalen i fotball for menn 1962

Noregsmeisterskap i fotball

Cupfinalen i fotball 1962 var den 57. finalen i rekka av norske meisterskap i fotball for menn. Gjøvik-Lyn vart noregsmeister etter at laget vann 2–0 over Vard frå Haugesund. Finalekampen vart spelt 28. oktober 1962 på Ullevaal stadion i Oslo framfor 31 157 tilskodarar. Georg Dragvoll frå FK Brage dømde kampen, linjevakter var Oddvar Halvorsen frå Trondheims-Ørn og Rolf Lunde frå Tryggkameratene. Ingen av dei to laga hadde tidlegare spelt cupfinale.

KampenEndra

Gjøvik-Lyn tok leiinga i det 20. minutt då Rolf Bjørn Backe heada i mål frå 4-5 meters hald, etter forarbeid av Erik Johansen. 17 minuttar ut i den andre omgangen var dei same to på ferde att, Johansen spelte fri Backe som skåra sikkert.

Arbeiderbladet meinte det var ein «Jevn finale» der «Gjøvik-Lyn vant på mer metodisk spill og sin halfrekke». Særleg framheva avisa Knut Iversen «som organiserte det riktige spillet bak angrepet». Totalt sett var det ein «svak» kamp.

LagaEndra

Gjøvik-Lyn sitt vinnarlag bestod av Stein Morris Mellum, Rolf Hagen, Odd Hermansen, Arne Amundsen, Håkon Skattum, Knut Iversen, Einar Opstad, Kjell Kolberg, Rolf Bjørn Backe, Erik Johansen og Knut Solbrekken.

Vard mønstra fylgjande mannskap: Reidar Olsen, Per Sønstabø, Hans Døsen, Arne Pensgård, Sigurd Odland, Jan Hessen, Øivind Sande, Harald Bersås, Øyvind Risanger, Egil Andersen og Karsten Nordtveit.

Kjelder og bakgrunnsstoffEndra