Erik Johansen

norsk fotballspelar

Erik Johansen (16. april 194020. november 2000) var ein norsk fotballspelar frå Gjøvik, som i tida 1961-69 spelte 39 landskampar for Noreg. Han vart norsk meister med Gjøvik-Lyn i 1962.

Erik Johansen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 16. april 1940
Gjøvik
Død

20. november 2000 (60 år)

Idrett fotball

Johansen spelte for Gjøvik-Lyn i tida 1960-66. Han var sentral då Gjøvik-laget i 1962 spelte seg fram til cupfinalen, og vann denne med 2-0 over Vard frå Haugesund. Frå 1967-sesongen melde han overgang til IK Skeid i Oslo og spelte fire sesongar for osloklubben.

Johansen spelte 39 landskampar for Noreg frå debuten i Moskva mot Sovjetunionen 1. juli 1961, via sigeren over Skottland i 1963, der han skåra eitt av dei fire norske måla, til 3-0-triumfen over Jugoslavia, og til dess han spelte sin siste landskamp i 1969-sesongen. Gjennom desse kampane fekk han nettkjenning ni gongar.

MerittarEndra

  • Norsk meister: 1962 med Gjøvik-Lyn

KjelderEndra