Cupvinnarcupfinalen i fotball 1962

Cupvinnarcupfinalen i fotball 1962 vart avgjort på Neckarstadion i Stuttgart i dåverande Vest-Tyskland etter at Atlético Madrid i omkamp vann 3-0 over tittelforsvarar ACF Fiorentina frå Firenze. Den fyrste finalekampen fann stad 10. mai 1962 på Hampden Park i Glasgow og enda 1-1. 29 066 tilskodarar såg oppgjeret i Glasgow, medan 38 120 var til stades i Stuttgart.

KampaneEndra

På Hampden Park skåra Joaquín Peiró for Atlético Madrid i det 11. minutt og Fiorentinas Kurt Hamrin utlikna i det 27. minutt. Skotske Thomas Wharton var dommar.

I omkampen fire månader seinare skåra fyrst Miguel Jones i det 8. og deretter Jorge Alberto Mendonça i det 27. minutt. 14 minuttar ut i den andre omgangen stod det 3-0 til Atlético Madrid, etter at målskåraren i fyrste finalekamp, Joaquín Peiró, hadde vore frampå att. Vesttyskaren Kurt Tschenscher dømde oppgjeret i Stuttgart.

LagaEndra

Atlético Madrid-mannskapet bestod av: Edgardo Madinabeytia, Feliciano Rivilla, Isacio Calleja, Ramiro Valente, Chuzo González, Jorge Griffa, Jesús Glaría, Miguel Jones, Adelardo Rodríguez, Jorge Alberto Mendonça, Joaquín Peiró og Enrique Collar.

Fiorentina mønstra: Enrico Albertosi, Enzo Ribotti, Sergio Castelletti, Saul Malatrasi, Alberto Orzan, Rino Marchesi, Kurt Hamrin, Amilcare Ferretti, Lucio Dell'Angelo, Gianfranco Petris, Aurelio Milani, Giuliano Sarti, Piero Gonfiantini, Claudio Rimbaldo, Can Bartu.

KjelderEndra