Jesús Glaría

spansk fotballspelar

Jesús Glaría Jordán (2. januar 194219. september 1978) var ein spansk fotballspelar som vann tre pokalar med Atlético Madrid i tida 1962-66, perioden 1968-75 spelte han for RCD Espanyol.

Jesús Glaría
Statsborgarskap Spania
Fødd 2. januar 1942
Villafranca
Død

19. september 1978
l'Espluga de Francolí

Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1966

KlubbspelEndra

Midtbanespelaren Glaría fekk kontrakt med Atlético Madrid i 1960. To år seinare var han med å vinne finalen i cupvinnarcupen 1962, då italienske Fiorentina måtte tole 0-3 tap i finaleomkampen på Neckarstadion i Stuttgart. Også året etter tok Madrid-laget seg til finalen i same turneringa, då vart det tap 1-5 mot Tottenham Hotspur frå London. I 1965 var han på plass då Atlético Madrid slo Real Zaragoza 1-0 i den spanske cupfinalen. Saman med spelarar som angriparen Luis Aragones og forsvarsspelarane Ignacio Calleja og Feliciano Rivilla danna han ryggrada i det mannskapet som i 1966 syrgde for at Atlético Madrid vann den spanske toppserien for fyrste gong på 15 år. I 1968 vart han overført til Espanyol, eit lag han tente til han la opp i 1975.

LandslagsspelEndra

Glaría spelte 20 landskampar åra 1962-63, 1965-67 og 1969. Under VM i fotball 1966 var han med i den siste av kampane i gruppespelet, og Spania var ute or meisterskapen Han var lagkaptein i ein kamp hausten 1966 og dei tre siste han spelte i 1969. Ingen mål.

MerittarEndra

  • Vinnar av cupvinnarcupen: 1962 med Atlético Madrid
  • Spansk seriemeister: 1966 med Atlético Madrid
  • Spansk cupmeister: 1965 med Atlético Madrid

Glaría omkom i ei bilulukke.

KjelderEndra