Cuyo
Cuyo er den vinproduserande og fjellrike regionen i det sentral-vestlege Argentina. Historisk sett omfatta regionen provinsane San Juan, San Luis og Mendoza. Den moderne Nye Cuyo regionen inkluderer både det opphavlege Cuyo og provinsen La Rioja. Nye Cuyo er ein politisk og økonomisk makroregion, men kulturelt sett høyrer La Rioja til Nordvest-Argentina snarare enn Cuyo.
Geografi og klima
endreCuyo har nokre av dei mest populære turistattraksjonane i Argentina og dei høgaste fjellmassiva i Andesfjella, inkludert Aconcagua, som er det høgaste fjellet utanfor Asia.
Jordsmonnet er tørt og rødfarget, med få elvar som kryssar landskapet. Dei fleste elvane får vatn frå smeltande snø i fjella, og vassmengda aukar mykje om våren. Desaguadero-elva er den viktigaste vassamlaren og får vatn frå Bermejo, Vinchina og Salado før han renn ut i Coloradoelva.
Cuyo-regionen har eit tørt til halvtørt klima, prega av svært variabel årleg nedbør (100–500 mm), som hovudsakleg finst om sommaren i form av konvektive torevêr. Vintrane er tørre, då mindre solinnstråling svekkjer systema som bringar regn. Andesfjella blokkerer fukt frå Stillehavet, og regionen ligg innanfor eit subtropisk høgtrykksbelte, noko som bidreg til tørken. Temperaturane varierer mykje med høgda, frå tempererte lågland, med ein gjennomsnittleg årstemperatur på 15–18,7 °C, til iskalde forhold over 4 000 m. Den varme og tørre fønvinden zonda kan årsake raske temperaturaukar, medan kalde frontar kan bringe frost om vinteren. Låg luftfukt og rikeleg solskin gjer området ideelt for vinproduksjon.
Økonomi
endreVindyrking er ei av dei viktigaste næringane i regionen. Vinproduksjonen i Cuyo utgjer nesten 80 % av den nasjonale vinproduksjonen, og vinane herfrå er høgt verdsette over heile verda. Det blir også dyrka oliven, poteter, tomatar og nokre frukter, og regionen har produksjon av søtsaker og hermetisert mat. Gruvedrift og oljeutvinning er andre viktige næringar.
Byane og tettstadene i regionen blir kjenneteikna av koloniale låge hus og kyrkjer, og dessutan tronge gater, som står i kontrast til dei moderne delane av dei større byane. Universidad Nacional de Cuyo, grunnlagt i 1939, er den viktigaste utdanningsinstitusjonen i desse provinsane. Hovudcampusen ligg i Mendoza, men universitetet har også fakultet så langt unna som i Río Negro-provinsen.
Galleri
endre-
Vinstokkar i Mendozaprovinsen
-
«Svart pampas» i Mendoza
-
Torevêr i Malargüe fylke i Mendoza
-
Høvdingvåk (Geranoaetus melanoleucus) i Cacheuta-departementet i Mendoza
-
Culpeo (Pseudalopex culpaeus) (andesrev, magellanrev) i Mendozaprovinsen
-
Vingardar i San Martín-departementet, San Juan-provinsen
-
Gruveverksemd i San Juan-provinsen
-
Frå Barreal, i Calingasta-departementet, San Juan-provinsen
-
Frå Sierra de las Quijadas nasjonalpark, San Luis-provinsen
-
Skisportstad i Mendoza-provinsen
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Cuyo (Argentina)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. november 2024