Cuyoøyane
10°51′N 121°01′E / 10.850°N 121.017°E
Cuyoøyane | |||
øygruppe | |||
Quinilubangruppa i norddelen av Cuyoøyane.
| |||
Land | Filippinane | ||
---|---|---|---|
Region | MIMAROPA | ||
Fylke | Palawan | ||
Folketal | 45,718 (2010) | ||
Cuyoøyane 10°50′41″N 121°02′20″E / 10.8447222°N 121.0388889°E | |||
Cuyoøyane på Filippinane.
| |||
Wikimedia Commons: Cuyo Islands |
Cuyoøyane er ei øygruppe på rundt 45 øyar nordaust for Palawan på Filippinane.[1] Ho ligg sør for Mindoro og mellom Nord-Palawan og Panay. Den største øya er Cuyo med eit areal på 57 km² og ei lengd på rundt 14 km. Dei 45 øyane og holmane har til saman eit areal på 130 km²..[2] Til saman 45 718 menneske bur på Cuyoøyane.[3]
Cuyoøyane er vidare delt inn i to grupper: Quiniluban-gruppa i nord og Cuyo-gruppa i sør. På dei sørlege øyane ligg dei tre sentera Cuyo, Agutaya og Magsaysay.
Geologisk sett er øyane knytte til hovudøya Palawan. Dei ligg ved vestenden av den vulkanske Luzon-bogen.[2] Cuyo-øya er vulkansk. Dei nordlege Quiniluban-øyane ser ut til å vera opphøgde atollar, men høgdene til nokre av fjelltoppane der tyder på vulkansk løfting. Mange andre øyar i gruppa er fullstendig av korallopphav.[2]
Cuyo er delt inn i tre kommunar:
- Cuyo (sør og vest)
- Magsaysay (aust)
- Agutaya (nord)
Nokre av dei største øyane i øygruppa er:
Galleri
endreKjelder
endre- ↑ Traveler's Companion Philippines 1998 s. 214 Kirsten Ellis, Globe Pequot Press Globe Pequot, 1998
- ↑ 2,0 2,1 2,2 Frederick L. Wernstedt, Joseph Earle Spencer: The Philippine Island world: a physical, cultural, and regional geography s. 24
- ↑ «Total Population by Province, City, Municipality and Barangay: as of May 1, 2010» (PDF). 2010 Census of Population and Housing. National Statistics Office. Arkivert frå originalen (PDF) 15. november 2012. Henta 7. november 2012.
- Denne artikkelen bygger på «Cuyo Archipelago» frå Wikipedia på engelsk, den 20. mai 2018.