Panay

øy i Filippinane
Kart over Panay
Panay (blodraud) si plassering i Flippinane

Panay er ei øy i Filippinane, vest i landsdelen Visayas. Ho ligg søraust for øya Mindoro og nordvest for øya Negros, skild frå denne av Guimarassundet. Nord for Panay er Sibuyanhavet og Romblon-øyane; i søraust breier Suluhavet seg. Panay har om lag 3,4 millionar ibuarar og ei flatevidd på 12 011 km². Folket på øyane talar språka aklanon, hamtikan og hiligaynon.

Langs vestkysten av Panay strekker seg ei fjellkjede med toppar opp til 2 117 meter over havet. På øya er det mange elvar; dei største er Akean, Halaur, Banica, Iloilo og Panay.

Administrativt er øya delt opp i dei fire provinsane Aklan, Antique, Capiz og Iloilo. Største byen på øya er Iloilo.

NæringEndra

Landbruk og gruvedrift er hovudnæringar på Panay. Dyrking og hausting av ris, kokosnøtter, bananar, kveite, mango, sukker, tobakk, samt abacá, det siste tidlegare kjend som råstoff for manilla-tau, sysselset hovuddelen av ibuarane.

I gruvene vert utvunne gull, sølv, kopar, mangan, marmor, kol, krom, magnetitt, kaolin, saltstein, sand og stein.

SogeEndra

Panay var frå 1200-talet sete for Madja-as-sambandet, ei statsdanning i Visayas. Statssambandet var på høgda av si makt på 1400-talet. Gjennom fredslutningar og traktar vart Madja-as innlemma i det spanske imperiet kring 1569.

KjelderEndra