Cyrus J. Young, kjend som Cy Young, (23. juli 19286. desember 2017), var ein USA-amerikansk tidlegare friidrettsutøvar frå Modesto i California som tevla i spydkast. I 1952 vart han den fyrste frå USA som vann OL-gull i spydkasting.

Cy Young

Statsborgarskap USA
Fødd 23. juli 1928
Modesto
Død

6. desember 2017 (89 år)
Modesto

Yrke spydkastar
Høgd 195 centimeter

Aktiv endre

Under OL 1952 i Helsingfors braut Young og landsmannen Bill Miller det finske hegemoniet i spydkast. Miller tok leiinga i fyrste omgang med 72,46 m, framom finnen Toivo Hyytiäinen som kasta 71,89 m. Young, som låg på sjuandeplass med 68,45 m, slengte i andre omgangen spydet 73,78 m, ny olympisk rekord. Med dette kastet overtok han leiinga, ei plassering som heldt seg då stillinga mellom dei fire beste ikkje endra seg sidan i tevlinga. Sidan i sesongen sette han USA-rekord med 78,12 m.

Fire år seinare vann Young sitt einaste USA-meisterskap med det gode resultatet 75,57 m. Han deltok så under OL 1956 i Melbourne, og sette ny olympisk rekord i kvalifiseringa med eit kast på 74,76 m. I finalen skada han eit okle og enda på ellevteplassen, norske Egil Danielsen vann OL-gullet med ny verdsrekord på 85,71 m.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

Kjelder endre