Opna hovudmenyen

Cyborg av Klaus Schulze

album av Klaus Schulze
Cyborg
Studioalbum av Klaus Schulze
Utgjeve Oktober 1973
Innspelt Februar til juli 1973
Sjanger Elektronisk musikk
Lengd 97:01 (original)
147:56 (nyutgjeving)
Selskap Ohr
Produsent Klaus Schulze
Klaus Schulze-kronologi
Irrlicht
(1972)
Cyborg Blackdance
(1974)


Cyborg er eit album frå 1973 og det andre albumet til Klaus Schulze. Albumet er eit dobbeltalbum, men inneheld berre fire musikkstykke, eit stykke per side på den originale vinylplata.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]

Albumet består av elektroniske eksperimenteringar med tette lag av rytmar og syntetiske tonar som smeltar saman i eit flytande lydlandskap av melodi, rørsle og effektar.[1]. Allmusic skriv om albumet at det står i dag som eit av dei mektigaste døma på ambient puls-musikk som nokon gong er laga, «eit monumentalt dobbeltalbum med kosmisk musikk»[1]

CD-utgåva frå 2006 har i tillegg med eit bonusspor, «But Beautiful». Det var eit konsertopptak frå Brussel, ved Cathédrale St-Michel den 17. oktober 1977.

InnhaldEndra

Disk 1

Alle songar er skrivne av Klaus Schulze. 

# Tittel Lengd
1. «Synphära»   22:48
2. «Conphära»   25:51
3. «Chromengel»   23:49

Disk 2

# Tittel Lengd
1. «Neuronengesang»   24:43
2. «But Beautiful» (bonusspor) 50:55

MedverkandeEndra

  • Klaus Schulze – orgel, synthesizer, vokal, perkusjon
  • Colloquium Musica Orchestra

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra

  • Cyborg på den offisielle nettsida til Klaus Schulze
  • CyborgDiscogs (liste over utgjevingar)