Svarteboka

(Omdirigert frå Cyprianus)

Svarteboka eller Cyprianus er tittelen på handskrivne bøker basert på ein europeisk avskrifttradisjon. Bøkene inneheld medisinske råd og magiske formular. Ritual og tiltak mot påtrolla sjukdomhusdyr utgjer størstedelen av stofftilfanget i svartebøkene som er knytt til jordbruk. Menneskeleg sjukdom er også godt representert i denne gruppa svartebøker. Det finst også militære svartebøker. Desse har gjerne innslag av formlar om korleis ein skal døyva sverd og forgjera børser eller bli usårbar, slik at korkje hogg, stikk eller kuler skal bite på ein. Her finst også oppskrifter på korleis ein skal få kvinner til å bli forelska i seg, vinna i spel osb.

Kjelder endre