Dâmboviţa
Dâmboviţa er ei elv i Romania. Ho startar der elvane Valea Vladului og Boarcăşu renn saman i Făgăraşfjella. Frå her renn ho sørover og gjennom Bucureşti før ho munnar ut i Argeş etter 258 km, nær Budeşti, i Călăraşi fylke. Dâmboviţa fylke er kalla opp etter elva.
Dâmboviţa | |||
elv | |||
Dâmboviţa i Măneşti, Dâmboviţa fylke
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 2 837 km² | ||
Renn gjennom | Bucureşti | ||
Lengd | 286 km | ||
Kjelde | Făgăraşfjella der elvane Valea Vladului og Boarcăşu renn saman | ||
- høgd | 2 100 moh. | ||
Munning | Argeş i Bucureşti | ||
![]() Dâmbovița | |||
Wikimedia Commons: Dâmbovița River | |||
Dâmboviţa i BucureştiEndra
I fleire hundreår var Dâmboviţa den viktigaste drikkevasskjelda til Bucureşti. Det var fleire vassbrønnar, men det meste av vatnet i Bucureşti vart distribuert av vassberarar.[1]
I gamle soger frå Bucureşti vert vatnet i Dâmboviţa omtalt som «søtt», og sjølv på byrjinga av 1700-talet omtalte Anton Maria del Chiaro elva som «lett og rein». Mot slutten av hundreåret voks byen og elva vart forureina. Derfor trong ein akveduktar for å føre reint vatn til byen. Dei tidlegaste akveduktane vart bygd under fyrst Alexander Ypsilantis.[1]
Det vart bygd mange vassmøller langs Dâmboviţa, dei fleste av dei eigd av fyrsten, klostera eller bojarar.
Dâmboviţa hadde tidlegare to sideelvar i Bucureşti:
- Dâmbovicioara, på høgresida, som truleg rann i området der gata Sfiinţii Apostoli ligg i dag.
- Bucureştioara, som rann frå eit tjern der Grădina Icoanei i dag er.
I tillegg var det ei grein av elva kalla Gârliţa, som forma øya Ostrovu.
Dâmboviţa førte ofte til flaum i Bucureşti, særleg på den lågare venstrebreidda. Etter storflaumen i 1775 gav Ypsilantis ordre om å byggje ein kanal for å hindre eller minske framtidige flaumar. I 1813 avgjorde fyrst Jean Georges Caradja at elveleiet skulle reinsast.[1] Delen av elva som renn gjennom hovudstaden vart kanalisert to gonger, først i 1883 (for å hindre flaum) og så seint i 1970-åra i samband med ombygging av sentrumsområde og bygginga av Bucureşti Metro.
Det har aldri vore mogeleg med skipsfart på Dâmboviţa, men det vart gjort mislukka forsøk med båtar på elva i 1902.[2]
Tidleg i historia si eksisterte det eit par bruer over Dâmboviţa i Bucureşti. I dag er det om lag eit dusin bruer over elva i hovudstaden.
Byar og landsbyarEndra
Elva renn gjennom følgjande byar og landsbyar i Romania:
GalleriEndra
Dâmboviţa i Bucureşti, akvarell av Amedeo Preziosi
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Dâmboviţa River» frå Wikipedia på engelsk, den 4. juli 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Ştefan Ionescu, Bucureştii în vremea fanarioţilor, Editura Dacia, Cluj, 1974. p.28-30
- Florian Georgescu et al. Istoria Oraşului Bucureşti, Muzeul de Istorie a Oraşului Bucureşti, 1965.
- Trasee turistice - judeţul Argeş [1]
- Trasee turistice - judeţul Dâmboviţa [2]
- Trasee turistice - judeţul Ilfov [3]