Argeș
Argeș (ungarsk Argyas) er ei elv sør i Romania. Ho startar der elvane Buda og Capra renn saman i Făgărașfjella i Dei sørlege Karpatane og munnar ut i Donau ved Oltenița.
Argeș | |||
elv | |||
Argeș i Mihăilești-Cornetu
| |||
Land | Romania | ||
---|---|---|---|
Nedslagsfelt | 12 600 km² | ||
Renn gjennom | Curtea de Argeș, Pitești, Oltenița | ||
Lengd | 350 km | ||
Middelvassføring | 73 m³/s | ||
Kjelde | Făgărașfjella, der elvane Buda og Capra renn saman nær Arefu | ||
• høgd | 2 030 moh. | ||
Munning | Donau ved Oltenița | ||
Argeș 45°21′53″N 24°37′49″E / 45.3647°N 24.6304°E | |||
Argeș i Romania
| |||
Wikimedia Commons: Argeș River |
Den største byen langs Argeș er Pitești. Det er bygd ei demning over elva som har skapt innsjøen Vidraru.
Elva har gjeve namn til Argeș fylke.
Byar og landsbyar
endreAv byar og landsbyar langs med elva finn ein frå kjelda til munningen Căpățânenii Ungureni, Căpățânenii Pământeni, Arefu, Poienarii de Argeș, Corbeni, Rotunda, Albeștii de Argeș, Curtea de Argeș, Băiculești, Merișani, Bascov, Pitești, Găești, Bolintin-Deal, Adunații-Copăceni og Oltenița.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Argeș River» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juli 2008.