Desideria av Sverige og Noreg

(Omdirigert frå Désirée Clary)

Desideria (8. november 177717. desember 1860) var dronning av Sverige og Noreg frå 1818 til 1844. Ho var døypt Bernhardine Eugenie Désirée Clary. Ho er stammor til Huset Bernadotte, som framleis sit på den svenske trona.

Desideria av Sverige og Norge

FøddBernhardine Eugénie Désirée Clary
9. november 1777
Marseille
Død16. desember 1860 (83 år)
Stockholm
TittelDronning av Sverige og Norge
FøregangarHedvig Elisabet
EtterfylgjarJosefine
Alle titlarkronprinsesse, kongegemalinne
Hus eller slektHuset Bernadotte
GravstadRiddarholmskyrkan
LandFrankrike, Sverige
MorFrançoise Rose Clary
FarFrançois Clary
EktefelleKarl Johan
BarnOscar I

Bakgrunn

endre

Désirée Clary var dotter av ein rik kjøpmann og silkefabrikant frå Marseille. Familien hadde nære band med Bonaparte-familien. Søstera hennar, Julie Clary, gifta seg med Joseph Bonaparte, og blei dronning av Napoli og Spania. Désirée sjølv var forlova med Napoleon Bonaparte, men det vart aldri til noko giftarmål. I staden gifta ho seg den 17. august 1798 med Jean Baptiste Bernadotte, som seinare vart Kong Karl Johan av Sverige og Noreg. Dei to fekk sonen Oscar, som seinare vart kong Oscar I.

Kongeleg liv

endre

Den nye kronprinsfamilien kom til Stockholm den 6. januar 1811. Det var 26 kuldegrader den dagen, og dronninga skal visstnok ha grete då ho kom til byen. Dronning Desideria vart aldri heilt fortruleg med svensk kultur eller klima, og lærte seg heller ikkje språket. Ho heldt til i Paris i tolv år, men kom tilbake til Stockholm i 1823 og budde der resten av livet sitt. Ettersom ho ikkje hadde vore til stades då Karl Johan vart krona, skjedde kroninga hennar i 1829. Ho vart enkje i 1844.

Desideria døydde i 1860, året etter at Oscar døydde. Ho vart 83 år gamal.

  • Desideria vitja Noreg første gongen i 1825. Dronningberget på Bygdøy har namn etter henne.
  • Eitt av dei eldste svenske fotografia er av henne.
  • Dronninga er kjent for å ha teke tidspunkt og avtalar med ro, og kom «alltid» for seint til teateret. Ho og mannen er òg kjende for å ha gjort natt til dag. Desideria stod etter kvart opp ved firetida om ettermiddagen.

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Desideria av Sverige og Noreg
Biografiar
  • Désirée (1968) av Annemarie Selinko
  • Drottningar och andra kvinnor av Anna-Stina Ulfström
Annan litteratur