Koordinatar: 59°54′56.747″N 10°41′2.9796″E

Sæterhytten etter restaureringa.
Foto: Vidar Iversen
Musikkpaviljongen
Foto: Vidar Iversen

Dronningberget er ein kolle i den nordlege delen av halvøya Bygdøy i bydel Frogner i Oslo. Han ligg sør for Sjølystveien E 18, mellom Dronning Blancas vei i aust og Bygdøyveien i vest. Området er rundt 75 mål i utstrekning og tilhøyrer Bygdøy Kongsgård. Det blei opparbeidd som park på 1700-talet.

Dronningberget blei sett i stand som park og gjeve i gåve frå regjeringa til kong Harald V og dronning Sonja til 70-års-dagane deira i 2007.[1]

På kollen er det gamal hassel- og lindeskog, truleg har det vore lindeskog her kontinuerleg sidan istida.[2] Det finst ein svært rik soppflora, med nærare 170 registrerte soppartar. Sannsynlegvis finst det nærare 250 soppartar her. Dronningberget har den største førekomst av utrydningstrua artar i Noreg, så å seie alle soppar. For osloslørsopp (Cortinarius osloensis) og lindeslørsopp (Cortinarius tiliae) utgjer denne kollen halvparten av det globale leveområdet til artane. Naturen åleine gjer Dronningberget internasjonalt verneverdig.

Innhaldsliste

HistorieEndra

 
Monumentet over Herman Wedel-Jarlsberg (november 2007)
Foto: Helge Høifødt
 
Wedel-Jarlsbergmonumentet ble laga av bilethoggaren Hans Michelsen og restaurert av Riksantikvaren i 2007.
Foto: David40226543
 
Bysten av Wedel-Jarlsberg.
Foto: David40226543

Kollen heitte opphaveleg Lindehaugen og var ein del av parkanlegget til Bygdøy Kongsgård (Ladegaardsøens Hovedgaard) frå 1700-talet. Lindeskogen var ein viktig del av parken, som hadde preg av parkskog.

Det har vore kanal mellom Bestumkilen, mellom vestsida av Bygdøy, Skøyen og Frognerkilen, siste gong avmerkt på kart i 1816. Kanalen må ha gått langs nordenden av Dronningberget.

Parken fekk namn etter dronninga til Karl Johan, Desideria, da ho hadde hatt eit langt opphald på kongsgarden i 1824. Ho fekk laga fleire stiar på staden.[3] Parken var starten på den folkeparken på Bygdøy som Karl Johan proklamerte i 1837,[1] etter at han hadde kjøpt Ladegaardsøens Hovedgaard på offentleg auksjon utlyst av Stortinget. Parken var inspirert av dei i europeiske storbyar.[4]

Etter at grev Herman Wedel Jarlsberg døydde i 1840 avgjorde kong Karl Johan at det skulle reisast eit monument over han på Dronningberget. Oppgåva gjekk til Hans Michelsen. Han utforma bysten i sink etter dødsmaska til Wedel-Jarlsberg. Monumentet blei avduka i parken av kong Oscar I i 1845. Ved sokkelen låg ei sørgjande riksløve. Rundt monumentet var eit stakitt i smijarn teikna av den danske arkitekten Johan Henrik Nebelong.[5]

Sæterhytten i skogområdet bak Wedel-statuen blei flytta frå lystslottet Oscarshall på Bygdøy, der det opphaveleg var reist som badehus og stod på ein pram. Bygningen er teikna av Peter Høier Holtermann.[1] Sæterhytten vart innvigd i 1862, med tre kongelege Louiser til stades: Karl IV si dronning Lovisa, mor hennar Louise av Preussen og dottera prinsesse Lovisa, som blei mor til kong Haakon VII.[6] Eit monogram med dei tre L-ane i namna deira finst i gavlen på Sæterhytten. Henrik Ibsen deklamerte dikt han hadde skrive for anledninga.

Frå 1866 var hytta serveringsstad, ofte nytta ved festar og feiringar, og kongelege. Hytta blei utvida i 1880. Ved Sæterhytten blei det bygd ein musikkpaviljong som stod ferdig i 1890. Det blei drive servering i hytta fram til 1960-talet. Etter restaurering blei bygningen opna att som selskapslokale og kafé i 2011.[7] Same året blei Ibsen-skodespelet Hedda Gabler oppført i hytta.[8]

Etter unionsoppløysinga i 1905 blei Dronningberget ikkje halde ved like, og var grodd att før restaureringa starta i 2007.

Gåva til kongeparet i 2007Endra

Regjeringas gåve til kong Harald V og dronning Sonjas 70-årsdager hhv. 21. februar og 4. juli 2007 var på 10 millioner kroner som gjekk til

  • restaurering av monumentet over grev Herman Wedel Jarlsberg, avduka 18. september 2007. Monumentet blei ført attende til opphaveleg utsjånad og dei opphavelege skulpturane i bronsert sink blei erstatta med kopi i ekte bronse.
  • restaurering av Sæterhytten og musikkpaviljongen. Bygninga blei overlevert 2. mai 2011.
  • tilbakeføring av sjølve landskapet. Dronningberget blei sett i stand og ført attende til ein romantisk, engelskinspirert park slik den var midt på 1800-talet.

Regjeringa ynskte å gje ei gåve med nær tilknytting til kongehuset, som samtidig kunne vere til allmenn glede. Opparbeidelsen av parken med gangvegar blei sluttført hausten 2007, mens restaurering av Sæterhytten tok lengre tid og var ferdig i april 2011.

FredingEndra

Bygdøy blei freda som kulturmiljø etter kulturminnelova i 2012, og Dronningberget er ein del av fredinga.[9] Ifølgje kongehuset.no er området «historisk særleg knytt til funksjonane som kongeleg sommarresidens, folkepark og friluftsområde. Områda Dronningberget og Hengsåsen er òg spesielle med omsyn til biologi og geologi, og Dronningberget har naturverdiar av internasjonal interesse.»[10]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 Dronningberget – regjeringens gave til kongeparet frå Riksantikvaren (Vitja 22. januar 2014)
  2. Leif Anker: «Drømmen om Arkadia fredet». Fremtid for fortiden, 2/2012, side 15
  3. Dronningberget, statsbygg.no, 05.03.2015, http://www.statsbygg.no/Prosjekter-og-eiendommer/Eiendommer/Region-ost/01624-Bygdo-Kongsgard-Ovrig-Bygningsm/Dronningberget/ 
  4. FAKTAARK DRONNINGBERGET, statsbygg.no, http://www.statsbygg.no/files/eiendommer/Region_ost/01624_BygdoKongsgard/andreFiler/Faktaark_dronningberget_2012.pdf 
  5. Wedelmonumentet frå Norsk Folkemuseum
  6. Norsk Folkemuseum / ... / Folkeparkens historie / Sæterhytten frå Norsk Folkemuseum
  7. «Sæterhytten gjenåpna», kongehuset.no (02.05.2011)
  8. Jens-Morten Hanssen (23.05.2011), Hedda in the Cottage, http://ibsen.nb.no/id/11199903.0 
  9. Fredning av Bygdøy kulturmiljø frå Regjeringa (Vitja 22. januar 2014)
  10. Freda på Bygdøy, kongehuset.no, 01.06.2012 

BakgrunnsstoffEndra