Deva i Romania

by i Hunedoara i Romania
(Omdirigert frå Déva)

Deva (tysk Diemrich, ungarsk Déva) er ein by i Transilvania, på venstresida av elva Mureș i Romania. Han er fylkeshovudstad i Hunedoara fylke og har om lag 55 000 innbyggjarar.

Deva
Utsyn over Deva
Utsyn over Deva
Utsyn over Deva
Byvåpenet til Deva
Byvåpenet til Deva


Plassering
Deva i Romania is located in Romania
Styresmakter
Land Romania Romania
Fylke Hunedoara
Borgarmeister Florin Oancea
Geografi
Flatevidd
 - By

34 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2021)
   - folketettleik

53 113
  1 562,1 /km²
Koordinatar 45°52′41″N 22°54′52″E / 45.87806°N 22.91444°E / 45.87806; 22.91444
Høgd over havet 187 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Postnummer 330xxx
Retningsnummer (tlf) +40 0x 54
Bilnummer HD
Nettstad: www.primariadeva.ro

Historie

endre

I antikken låg det ein dakisk festning her kalla Decidava. Dei første skriftlege kjeldene om byen er frå 1269. Under voivodee Johan Hunyadi vart Deva eit viktig militært og administrativt senter. Han vart delvis øydelagd av osmanarane i 1550 og vart så bygd opp att med forsterka festningsverk. I 1621 omforma og utbygde fyrst Gabriel Bethlen Magna Curia-palasset i renessansestil.

Busetnader

endre
 
Kommunen Deva innanfor Hunedoara fylke

Deva er ein municipiu (større bykommune) med desse busetnadane:

Busetnad Folketal 2011[2] Folketal 2021[1]
Deva 58 860 50 753
Sântuhalm 597 491
Archia 113 108
Bârcea Mică 261 177
Cristur 1 292 1 584

Storbyområde

endre

Det blir arbeidd med å etablere eit storbyområde som er tenkt å omfatte Deva, bykommunane Hunedoara (municipiu), Simeria og Călan (oraș) og dei tre mindre kommunane (comună) Băcia, Cârjiți, Pestișu Mic.[3]

Kjelder

endre

Referansar

endre