Død snø
Død snø er ein norsk skrekkfilmkomedie frå 2009. Filmen er laga av Stig Frode Henriksen og Tommy Wirkola, som også har laga 2007-filmen Kill Buljo. Filmen hadde premiere på norske kinoar 9. januar 2009.[1] Filmskaparane ønskte å lage film i stil med gamle splatterfilmar og grøssarkomediar frå 1980- og starten av 1990-talet.
Regi | Tommy Wirkola | ||
---|---|---|---|
Produsent(ar) | Tomas Evjen, Harald Zwart, Terje Strømstad | ||
Manus | Tommy Wirkola, Stig Frode Henriksen | ||
Medverkande | Charlotte Frogner, Bjørn Sundquist, Ane Dahl Torp, Lasse Valdal, Stig Frode Henriksen, Evy Kasseth Røsten, Jenny Skavlan, Vegar Hoel | ||
Klipp | Martin Stoltz | ||
Musikk | Christian Wibe | ||
Produksjonsselskap | Euforia Film | ||
Distributør | Euforia Film, Netflix | ||
Utgjevingsdato | 2009 | ||
Lengd | 90 minutt | ||
Opphavsland | Noreg | ||
Språk | norsk | ||
Sjanger | zombie-komedie, zombiefilm |
Oppfølgjaren Død snø 2 kom ut i 2014.