Charlotte Frogner

norsk skodespelar

Charlotte Frogner (fødd 9. april 1981) er ein norsk skodespelar, utdanna ved Teaterhøyskolen. Ho har vore tilsett ved Det Norske Teatret sidan 2004.[1] Under Komiprisen 2009 vann ho klassen årets gjennombrot for rolla si i Evig ung. Under Seoul International Drama Awards 2009 vann ho prisen for beste kvinnelege skodespelar (Best Actress) for rolla si i Hvaler.[2] Ho er best kjend for rolla si som Celine Kopperud i Side om side.[3]

Charlotte Frogner

Fødd9. april 1981 (43 år)
FødestadAurskog-Høland kommune
Aktive år2004–
Verka somskodespelar, filmskodespelar, stemmeskodespelar
PrisarSeoul International Drama Awards
Frogner som Gunvor i Trost i taklampa
Foto: Erik Berg; Det norske teatret, 2014

Roller

endre

Film/fjernsyn

endre
  • KuToppen (2018) – Grisen Pauline (stemme)
  • Hotell Transylvania 3: Monsterferie (2018) – Ericka van Helsing (stemme)
  • Daud snø 2 (2014) – Hanna Delon
  • Side om side (2013–) – Celine Kopperud
  • Modig (2012) – Merida (stemme)
  • Død snø (2009) – Hanna Delon
  • Hvaler (2008) – Maria Blix
  • 5 løgner (2007) – Kristin
  • Noen ganger gjør det vondt (2006) – Anette
  • Ekko av Ibsen: Nora (2006)
  • Jul i Tøyengata (2006) – Barnehagetante

Teater

endre

Kjelder

endre
  1. «Charlotte Frogner – Det norske teatret». Arkivert frå originalen 1. november 2011. 
  2. «Seoul International Drama Awards 2009: Winners Individual Category». Seoul International Drama Awards. Arkivert frå originalen 5. oktober 2013. Henta 11. oktober 2012. 
  3. Pedersen, Ruben (3. september 2020), «Blir tobarnsmor», dagbladet.no (på norsk), henta 9. november 2021 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Charlotte Frogner